Salamonskogen barnehage er ein av pilotbarnehagane i Språkløyper. Dei kan fortelja om fleire aha-opplevingar.

 

Dei tilsette i Espira Salamonskogen barnehage i Bømlo kommune er i fyr og flamme over å vera med i det nye, nasjonale lese- og skriveutviklingsprosjektet Språkløyper.

Det unike med denne strategien er at det for første gong blir satsa systematisk både på barnehage og alle trinn i grunnskole og vidaregåande skule i same strategi. Han er laga slik at styrarar og leiarar kan ta innhaldet i bruk i barnehagar og skular straks, og heile organisasjonen skal arbeida saman.

– Dei har veldig bra nettsider. Språkløyper har gjort at me jobbar meir systematisk, fortel styrarassistent Johanne Geitung Håvik.

Nettsidene og strategien er utvikla av Lesesenteret og Skrivesenteret.

Alle tilsette med

Arbeidet med Språkløyper byrja med ein planleggingsdag for alle tilsette i barnehagen. Då hadde pedagogane førebudd seg godt på korleis dagen skulle vera. Alle tilsette fekk kvar sin perm og bøker til å notera i.

– Det er viktig å involvera alle tilsette, seier styrar Jo Kjetil Habbestad.

– Når me har eit så godt verktøy er det òg viktig å ta seg god tid, seier Johanne Geitung Håvik.

Dei ser allereie progresjon i arbeidet med språk i barnehagen. No har dei møte med alle tilsette kvar månad. Kvart møte startar med ei teoriøkt, og så snakkar dei gjennom forskjellige tema, ser små filmar og gjer quizar og andre oppgåver.

Prosjektet i barnehagen varer i fire år.

LES OGSÅ: Her er dei nye språkkommunane

Jannicke Mæland (t.h.) og Johanne Geitung Håvik viser fram biblioteket i barnehagen.

Jannicke Mæland (t.h.) og Johanne Geitung Håvik viser fram biblioteket i barnehagen.

Aha-opplevingar

Assisterande styrar Johanne Geitung Håvik fortel at dei gjer evalueringar av arbeidet undervegs. Det har gjeve dei nokre aha-opplevingar.

– Me fann til dømes ut at eit fleirspråkleg born ikkje skjønte det me las for ho i lesestunda. Men då me las og snakka om boka på førehand, så såg me at det gjekk mykje betre og at jenta hadde det mykje betre i samlinga og kunne svara på spørsmål, fortel spesialpedagog Jannicke Mæland.

Noko anna dei har blitt medvitne på er plasseringa til den vaksne og ungane når dei les.

– Viss den vaksne sit på golvet og ungane på kvar sin tilviste plass, så går det mykje betre, påpeikar Mæland. Ungane kan sitja på kvart sitt sitjeunderlag eller kvar sin stol. Berre dei har ein fast plass, så blir det mindre uro.

Dei vaksne har òg blitt flinkare til å få med dei stille borna i samtalen om bøkene.

Investerte i barnebøker

Då dei byrja prosjektet no i januar investerte barnehagen i nær 100 bøker. Mange av dei nynorske bøker. Jakob og Neikob av Kari Stai er ein favoritt på mange av avdelingane.

Av bokmålsbøker er Lillesøster-bøkene til Kari Grossmann ein slager.

– Me prøver å simultanomsetta så godt me kan, seier styrarassistent Johanne Geitung Håvik.

Barnehagen har i tillegg eit tett samarbeid med biblioteket. Annankvar onsdag er dei på biblioteket der det er høgtlesing og ungane får låna med seg bøker.

Les bokmeldingar av barnebøker her!

Jannicke Mæland (t.v.) les for borna.

Høgtlesing for alle

Språkløyper har gitt barnehagen eit system for å følgja med på lesinga til alle dei 137 borna i barnehagen. Alle fører leselogg over lesinga; kva tid ein las, for kor mange og korleis ein la opp lesinga.

– Rammeplanen for barnehagane er klar på at alle born skal bli lese for. No har me blitt mykje meir medvitne på kven som blir lese for, slik at me kan leggja til rette for at alle blir lese for. For dei fleirspråklege borna fungerer det ofte best å snakka om bøkene, fortel Johanne Geitung Håvik.

Dei varierer mellom å:

• Fortelja frå bøkene

• Snakka om bøkene

• Dialogisk lesing

• La ungane bla i og lesa sjølv

• Lesa høgt frå

Dei som ikkje likar å lesa

– Men kva med dei som ikkje likar så godt å lesa?

– Det handlar om å byggja opp ei forventing. Vis engasjement, ja, vis med heile deg at du vil lesa, seier Jannicke Mæland.

Det er òg viktig å ta innspel frå borna på alvor. Og når ungane kjenner boka frå før, så er det viktig med lesestopp:

«Kva er det som skjer her?» eller «Oi, korleis skal dette gå, då?» kan ein spørja. Då kan borna vera med på å fortelja historia.

Les meir om Språkløyper i barnehagane her!

Meld deg på nyhendebrev frå Pirion her!

Lik Framtida.no på Facebook: