Kari Stai debuterte med bildeboka Jakob og Neikob i 2008. Boka fekk ei strålande mottaking, og Stai blei heidra med debutantprisen til Kulturdepartementet.
Jakob og Neikob-bøkene er like populære blant vaksne og born. Stai har teikna opp tydelege og gjenkjennande karakterar og funne ei genialt enkel form for historieforteljing, gjennom Jakob som seier ja og Neikob som seier nei. Historiane tar ofte nye vendingar, og alle frydar seg når Jakob lurer negative Neikob med «du har vel ikkje noko i mot…?».
Den fjerde og siste boka i serien, «Jakob og Neikob. Naboen», er ei spennande og morosam bok. Jakob og Neikob ein ny nabo. Som vanleg er det Neikob som er negativ, og som vanleg er dialogen leikande. Ei ny vending er bruken av motspørsmål:
– Har du ikkje høyrt om nabobråk og nabokrangel? spør Neikob.
– Har du ikkje høyrt om nabolag og naboskap? spør Jakob.
– NEI, svarer Neikob.
«Jakob og Neikob. Naboen» er den første boka i serien som kan lesast inn i ei brennaktuell politisk sak. Det er lett å trekkja parallellar til debatten om innvandring, framandfrykt og integrering. Skal ein byggja murar og gjerde eller bruer?
Men boka treng ikkje lesast inn i vår politiske samtid. Frykt for det ukjende, solidaritet, korleis me møter andre og korleis me byggjer vennskap og naboskap er allmenne spørsmål som me menneske har bala med til alle tider. Boka vil passa godt for samtale både heime, på skule og i barnehagar. Ja, ho burde vore på pensum frå barnehage til høgskule!
Med «Jakob og Neikob. Naboen» har Kari Stai klart å fornya og løfta ein serie som allereie har fått klassikarstatus. Eg seier berre: gratulerer og hipp, hipp, hurra!