Arkeologiske gjenstandar som er funne av Oslo-elevar vert stilte ut på Oslo Ladegård.

 

I vår fekk fleire hundre elevar prøve seg som arkeologar på utgravingsområdet til Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) sør for Bispegata i Oslo. No er det mogleg å sjå desse funna på utstillinga «Glimt fra hverdagen», på utstillinga som opna på Ladegården laurdag 20. august.

Elevar frå Sagene skole i Oslo på utgraving. Foto: NIKU– Dette er ei uformell og spennande utstilling som NIKU og Ladegården har samarbeidd om å laga, seier Hedvig Vollsnes ved Oslo Ladegård.

– Sidan det er skuleelevar  som har funne gjenstandane, har vi utforma utstillinga spesielt med tanke på at barn i skulealder skal få ei fin oppleving. Vi har mellom anna lagt opp til at ein skal kunna ta fleire sansar i bruk, seier Vollsnes.

I jordmassane frå mellomalderen fann elevane mange spennande funn som fortel historia om korleis det var å leva i Oslo i mellomalderen. Utstillinga er laga for å gje publikum ei anna oppleving enn når ein tek turen til dei store musea.

– Dei arkeologiske gjenstandane er stilte ut berre eit steinkast frå der dei vart funne, og dei er enno ikkje sende inn til Kulturhistorisk museum for konservering og magasinering. Dette er altså eit unikt høve til å sjå gjenstandane slik dei ser ut når vi finn dei, seier Maria Sture som er arkeolog hjå NIKU.

Utstillinga er open alle helger frå 20. august til 25. september.

Lik Framtida.no på Facebook: