Noreg er i verdstoppen når det gjeld kor mykje pengar vi brukar på barnehagar.

 

– Vi satsar på god kvalitet i barnehagane fordi vi veit at tidleg innsats er viktig, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Noreg brukar to prosent av BNP på barnehagar, og ligg dermed på topp blant OECD-landa. Sverige brukar 1,9 prosent.

Education at a Glance (EaG) er OECDs årlege indikatorrapport for utdanningssektoren. Rapporten gjer det mogleg å samanlikna Noreg med andre OECD-land når det gjeld ressursnytte, deltaking og resultat av utdanning. Ifølgje Education at a Glance 2016 brukar Noreg saman med Sverige mest ressursar på barnehage i heile OECD, målt i del av BNP. Ifølgje EaG 2016 brukar Noreg to prosent av sitt brutto nasjonalprodukt (BNP) på barnehage, medan Sverige brukar 1,9 .

– Å byggja ut barnehagetilbodet og satsa på kvalitet i barnehagane er ein viktig del av politikken til regjeringa, seier Røe Isaksen.

Betre skuleresultat

Barn som har gått minst eitt år i barnehage har betre resultat på skulen enn barn som ikkje har gått i barnehage, viser analysar av den førre PISA-undersøkinga. Dette gjeld sjølv om ein tek omsyn til skilnader i borna sine heimebakgrunn.

– Vi må sørgja for at alle barn får like høve til å læra og utvikla seg, uavhengig av der dei kjem frå og kor mye utdanning foreldra deira har. Det kan vi bidra til gjennom gode barnehagar, seier kunnskapsministeren.

Høg dekningsgrad for toåringane

Noreg skil seg ut ved at nesten alle norske toåringar går i barnehage. Av dei 35 medlemslanda i OECD er det berre Danmark som har høgare dekningsgrad for toåringar.

– Tidleg innsats er viktig for å fanga opp barn som slit eller berre treng litt ekstra støtte for å utvikla språket. Eit godt barnehagetilbod kan vera avgjerande for å gje desse borna ein god start i livet, understrekar Røe Isaksen.

Norske barnehagar har høgare bemanning enn gjennomsnittet i OECD. I Noreg er det i snitt fem barn per barnehagetilsett og 11 barn per barnehagelærar. OECD-snittet er 11 barn per tilsett og 14 barn per barnehagelærar.

Lik Framtida.no på Facebook: