Salamonskogen barnehage på Bømlo får nasjonal merksemd for måten dei bruker eventyr for å utvikla språket til borna.

Har du høyrt eventyret om kvifor ikkje krokodillen har tunge? Eller om korleis påfuglen og ramnen fekk fargane sine? Dét har ungane i Espira Salamonskogen barnehage på Svortland.

– Sjå! På den sida er det ingen fargar, seier Kristian Hovland og viser fram påfuglen på baksida. Det var før påfuglen fekk alle fargane sine i eventyret frå Vietnam.

Pilotbarnehage
Barnehagen er blant fem pilotbarnehagar som har arbeidd systematisk med Troll i ord – eit forskingsbasert verktøy for språkstimulering i barnehage og småskule.

Før sommaren deltok spesialpedagog Jannicke Mæland og styrarassistent Johanne Geitung Håvik på ein nasjonal konferanse ved NTNU og fortalde om arbeidet deira med Troll i ord.

– Me har sett at det har vore verkeleg til hjelp, fortel Jannicke Mæland.

Med hjelp av treklossar og illustrerte eventyrhefte med folkeeventyr frå Noreg og andre delar av verda blir det lettare for å ungane å dramatisera og leika seg med eventyra.

Den viktige språkforståinga
Troll i ord har eit digitalt tilbod med forteljarstemmer på meir enn 30 språk, og er særleg retta til bruk for fleirspråklege born.

– Ei av assistentane våre frå Litauen blei nesten på gråten då ho høyrte eit eventyr på eige språk, fortel styrarassistent Johanne Geitung Håvik.

I Salamonskogen barnehage er 17 av 137 born fleirspråklege.

– Det er viktig å få med så viktige språklege reiskapar kan vera for å løysa konfliktar. Eg kan ikkje seia kor viktig det er – språket hjelper oss å knyta vennskap til andre og stå fram som den ein er, understrekar Jannicke Mæland.

FAKTA: Troll i ord
• Troll i ord er eit verktøy for systematisk språkstimuleringsarbeid i barnehage og småskule.
• Troll i ord-pakken inneheld lærarrettleiing, lydfiler med eventyr på over 30 språk, eventyrhefte, rekvisittar, forteljarkort, ordkort/bildekort /bildelotto, puslespel, problemløysningskort og digitale aktivitetar for pc, smarttavle og nettbrett.
• Troll i ord er utvikla av Katrine Tveit, Inger Høj og Synnøve Tveito i GROM, migrasjonspedagog Sigrunn Skretting og Margareth Sandvik, professor ved HiOA.

Les meir på Troll i ord!

Lik Framtida.no på Facebook: