Leiken som føregår i barnehagen er undervurdert.
Rikke Fredheim Næss
Rikke Fredheim Næss

Eg går barnehagelærarutdanninga og har dermed vore i praksis med ungar, noko eg personleg opplevde som særs lærerikt og spennande. Og skal eg vera ærleg, hadde eg undervurdert barnehagen og kvardagen der. Det finst mykje skjult læring i barnehagekvardagen. Ein ser jo at ungane leikar, har det kjekt, og at kvardagen i barnehagen består av mykje leik, aktivitetar og moro. Sjølvsagt – det er for so vidt sant, men bak desse leikane, aktivitetane og moroa ligg det mykje læring. Kvardagen til ungane består for det fyrste av å vera saman med andre ungar. Dei lærer seg altså samspel, å kommunisere, språkuttrykk og mykje meir. I kvar leikesituasjon og aktivitet ungane er i, lærer dei ting heile tida.

Leiken som ungane er i i kvardagen er so viktig. For gjennom samspelet med andre blir grunnlaget for læring lagt. Dei tileignar seg ferdigheiter gjennom leik; som å lære seg nye begrep og ord, lære seg å telje, kategorisere og sortere og det å samarbeide med andre. Når ein ser to eller fleire ungar sitte i dokkekroken å leika, er det lett for å tenkje at det berre er leik. Men gjennom denne leiken skjer det so mykje i hovudet på ungane, og mykje av det er læring.

Det er mange spontane aktivitetar og leikar ungane driv med. Dei legg difor opp til mykje av læring sjølv. Men det er òg mykje fokus på planlagt læring gjennom organiserte aktivitetar, og kanskje det finst litt for mykje av dei. Eg seier ikkje at det ikkje er viktig, men ein har jo lærarar som er so fokuserte på å læra vekk at det blir for mykje læring og for lite leik. Nokre ser ikkje samanhengen.

Det handlar ikkje berre om leik og «barnepass» i barnehagekvardagen, slik ein del folk kan tenkje; det handlar om so mykje meir. Etter å ha starta på utdanninga mi ser eg kor mykje barnehagen og førskulelærarane legg til rette for leik, læring og utvikling. Eg ser betydinga av det å ha barnehagar, og det å ha gode, trygge og flinke lærarar i barnehagane. Eg ser at leik betyr so mykje meir enn kva det ser ut til, og meiner leiken som føregår i barnehagen kan vera undervurdert i mange tilfelle. Ungar lærer gjennom alt dei opplev og erfarer. Det er i dei uformelle og spontane situasjonane mykje av læringa og utviklinga skjer; utan at lærarar treng å bryte inn, men der den vaksne sjølvsagt kan følgje opp ungane sine undringar.

Oppdatert: laurdag 13. oktober 2018 09.10

Lik Framtida.no på Facebook: