Ny barnebok frå Stina Langlo Ørdal om tap, trøyst og håp.
mm

Forfattar og illustratør Stina Langlo Ørdal si nye barnebok Dagen utanfor er ei forteljing om ein gut som mistar farfaren sin, om ei daud humle som gir trøyst, og om uvanleg grå dagar i livet.

Boka handlar om å takle sorg, finne trøyst og vera der for kvarandre. Ho handlar òg om å forstå noko så ukonkret som døden, for eit barn.

– Eg kjenner godt til den store hjelpeløysa av å sjå andre som mister sine, og opplevinga av eigne born som mistar nokon rundt seg, seier Ørdal i ei pressemelding frå forlaget.

Eigne erfaringar
Ho har sjølv opplevd å miste fleire nære, og etter lang tid har vesle Jon i boka oppstått som ein kjenning, som ei samling av eigne funderingar og erfaringar.

«Korleis kan ein trøyste nokon som har mista ein far?» spør Jon, og viser den uvanlege tilnærminga Stina L. Ørdal har valt til temaet. Ho handlar ikkje berre om guten Jon som har mista ein farfar, men det handlar også om far hans som har mista far sin. Også han treng trøyst, og han treng Jon.

Trøyst i daud humle
I boka finn Jon trøyst i ei stor, lodden og daud humle som han tek vare på. «Saknar dei andre humlene humla?» spør Jon. Ørdal fortel at heile historia har rot nettopp i ei slik humle ho ein gong fann i teikneskuffen sin.

– At den mjuke humla som elles ville fyke rundt i verda, låg heilt stille i handa mi utan å kunne fly der i frå, sette i gong tankane og pennen. Eg knytte ho straks til ein bestefar, fortel Ørdal.

Fjerde barnebok
Den uvanlege dagen då Jon skal i gravferd til farfaren har Ørdal illustrert i gråtonar. Den står i kontrast til dei fargerike teikningane som speglar den heilt vanlege kvardagen til alle dei andre der ute. Ørdal seier at ho tykkjer det er kjekt at ho har skrive ei bok ein kan kjenne seg att i, og håpar at folk kan ha nytte av den.

Dagen utanfor er Ørdal si fjerde barnebok som forfattar, men første på nynorsk. Boka er utgitt på SKALD forlag.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.48

Lik Framtida.no på Facebook: