Fleire av dei mest brukte språkutviklingspakkane i barnehagane finst ikkje på nynorsk.
mm

Ni av ti barnehagar i nynorskkommunar bruker språkutviklingspakkar, ifølge tal frå Barnehageundersøkinga til Pirion og Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Slike pakkar hjelper barna å forstå omgrep og ord, og syngleggjer songar, regler og forteljingar.

Snakkepakken er den mest brukte språkstimuleringspakken, og er brukt av nesten åtte av ti av barnehagane som svara på undersøkinga. Men han finst ikkje på nynorsk.

– Eg har fått nokre spørsmål om å få vegleiingsmateriellet til nynorsk. Det hadde vore moro å få det til, men eg treng nokon til å gjera omsetjingsarbeidet og støtte til å gjera det, seier Lena Malinovsky som har utvikla Snakkepakken.

Forleggar Frank Sørensen utgjev språktreningspakken Babblarna på bokmål gjennom Info Vest Forlag midt på nynorske Jæren. Men han har ingen planar om å gi det ut på nynorsk.

– Det er av den enkle grunnen at då ville det vera eit tapsprosjekt. Det burde vera mogleg å få støtte, men denne prosessen er både langtekkelig, uklar og lite føreseieleg, skriv han i ein epost til Pirion.no.

Åtvarar

Pirion har tidlegare meldt at nynorske barnehagar både syng og les meir på bokmål enn nynorsk.

Anne Høigård, ein av nestorane innanfor forsking på språkstimulering i barnehagar, seier at born ikkje må bli fråtatt sjansen til å lytta seg inn i skriftspråket.

Eli Bjørhusdal (bildet), førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, meiner det er sjølvsagt at læremidla som er i bruk i barnehagane òg finst på nynorsk.

– Det å bli eksponert for eit språk, vil òg ha noko å seia for meistringa deira. Det seier seg sjølv at det vil vera dårleg språkopplæring å ikkje eksponera borna for nynorsk, seier ho.

Bjørhusdal meiner staten bør setja krav til at læremidla for barnehagane òg kjem på nynorsk, og at dei er med på å støtta dette.

– No går utfordringa til Utdanningsdirektoratet og departementet.

Ordbank på nynorsk

Kring ein fjerdedel av barnehagane som svara i Barnehageundersøkinga bruker Språkkista, utgjeve av GAN Aschehoug.

– Når det gjeld bokmål og nynorsk utgjevingar, så har me som hovudregel at alt me gjev ut som skal brukast direkte til og med borna skal vera på begge målformer. Språkkista består av ein ordbank på heile 300 ord og omgrep fordelt på 10 tema. Alt er omsett til 11 ulike morsmål, og bokmål og nynorsk, fortel forlagsredaktør Eli Almehagen.

Ho legg til at rettleiinga til dei vaksne finst berre bokmål.

LES OGSÅ: Ungane skal bada i ord

Her er i Salamonsskogen barnehage bruker dei Troll i ord - ein av språkutviklingspakkane som finst på nynorsk. (Arkivfoto)
Her er i Salamonsskogen barnehage bruker dei Troll i ord – ein av språkutviklingspakkane som finst på nynorsk. (Arkivfoto)

– Sjølvsagt med nynorsk

Heidi Aabrekk i Intempo på Sandane har utvikla Bravo-leiken for dei minste barna. Språkutviklingspakken er i bruk i éin av sju barnehagar som er spurt i undersøkinga.

– Eg synest det er veldig viktig at òg dei minste barna får tilgang på skriftspråket sitt. Difor synest eg det er sjølvsagt at Bravo-leiken òg finst på nynorsk, seier ho.

Troll-i-ord er ein annan pakke for språkstimulering som finst på nynorsk. Troll-i-ord er brukt i 20 av dei 201 barnehagane som svara på Barnehageundersøkinga.

Les meir om bruken av Troll i ord i Salamonskogen barnehage: Eventyrleg språksatsing i barnehagen

Les intervju med gründeren bak Bravo-leken: – Utviklinga til dei minste har blitt undervurdert!

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.34