– Eg visste ikkje at eg skulle skriva noka bok! Det kom litt utav det blå, fortel Ingunn Thon.
30-åringen debuterte nyleg som barnebokforfattar, men fortel at ho var langt oppi tjueåra før ho forstod at ho likte å skriva. Ho fekk ikkje spesielt gode karakterar på skulestilane sine, og syntest sjølv at ho var ganske dårleg til å skriva. Å koma seg over éi side, var vanskeleg.
– Eg trudde ikkje at eg kunne driva med det. Men så skjønar ein at jo, det går an. Om eg får gjera det på min måte, smiler ho.
I debutromanen Ollis har ho klart å strekkja historia over meir enn 200 sider, med litt hjelp av Nora Brecht sine illustrasjonar.
Samanlikna med Maria Parr
Debutanten har ingen grunn til å frykta bokmeldingane. Meldaren i Dagbladet trekkjer parallellar til Maria Parr sine nostalgiske univers og trillar femmar på terningen for Ollis. I boka møter me ti år gamle Ollis, som har vakse opp åleine med mor si. Plutseleg får mora ein ny ryddefreak-kjærast, og Ollis får ein ny veslebror. For Ollis er det ikkje berre, berre å venna seg til denne nye kvardagen.
Heldigvis har ho nabojenta Gro, som kler seg i kamuflasjeklede og søv i bekmørke rom med døra lukka. Ifølgje skaparen kan Ollis verka redd og beskjeden, men ho har likevel klokkartru på oppfinningane ho lagar. For kven har ikkje bruk for ein lysparaply, jakke med innsydd flytevest eller lue med innsydde øyretelefonar?
– Det treng ikkje dreia seg om rå styrke og ein løveaktig sjølvtillit, det kan òg berre vere ein tryggleik i at dette får eg til. Og så er det sjølvsagt heilt greitt å vera litt redd av og til, seier debutanten.
Les intervju med Maria Parr: – Alle barndommar er like viktige
«Prinsippguri»
Førre gongen underteikna møtte den utflytta hallingen, var på dialektleir i Hemsedal, der ho laga reportasje for NRK Super om ungane som reiste til seters for å læra seg dialekt. Måten ungane flokka seg om tv-personlegdomen på, etterlét liten tvil om at ho var eit førebilete dei kunne identifisera seg med.
NRK Super-profilen vaks opp i Ål i Hallingdal på 90-talet, og hugsar godt korleis «sentrumsungane» også den gongen snakka «bymål».
– Då eg byrja på ungdomsskulen, var det nesten ingen som prata halling. Eg veit ikkje heilt kvifor. Det var ein slags trend då at ein ikkje skulle gjera det, forklarar Ingunn Thon.
Sjølv kallar ho seg «prinsippguri» og forklarar at mamma sine argument for dialekta vog tyngre enn venene sitt nye språk.
– Eg hugsar at eg var irritert då bestevenninna mi plutseleg hadde lagt om. Det provoserte meg nesten endå meir til å halda på målet, ler Thon.
No ser ho at fleire av venene som la om, har skifta tilbake.
– Når du flyttar heimanfrå, er det plutseleg ikkje så stas lenger. Då er du berre ein i mengda. Det er mange som no seier at dei angrar på at dei ikkje brukte og lærte seg dialekta då dei var små, smiler ho.
Å halda på dialekta og nynorsken viste seg å vera eit lurt val. Me møter forfattardebutanten på Marienlyst etter at ho er ferdig med dagens utfordringar i NRK Super, der ho har hatt fast jobb etter at ho i 2009 var ferdig som praktikant i NRK Nynorsk mediesenter.
Debutromanen skreiv ho samstundes som ho jobba frilans for NRK og tok tekstforfattarstudiet på Westerdals.
– Eg berre jobba. Det er først no eg merkar at eg er sliten, men akkurat då var det så viktig for meg å få til alt. For alt var så gøy! seier ein entusiastisk Thon.
LES OGSÅ: Tre skriftspråk, ni forfattarar – ein roman
Jenter som kan
– Samlaget ynskte seg ein drivande jentekarakter, rett og slett fordi det er det altfor lite av. Det at det er slik, gjorde meg både irritert og trist, seier 30-åringen.
Ho meiner det er gamle fordommar som heng att i både hennar eigen generasjon og foreldregenerasjonen, som har vorte vane med at menn er norma.
– Eg har høyrt nokre stygge rykte om at når ein kjøper litteratur til barn, kan ein kjøpa begge deler til jenter, medan gutane berre får bøker med gutenamn. Då tenkte eg at kanskje eg kan lura nokon til å enda opp med denne boka og likevel synast at det er ålreit, smiler Thon.
Ollis er kort for Oda Lise Louise Inger Sonja, eit langt namn som Thon føler at gjer heltinna hennar litt spesiell. Forfattaren avviser at Ollis er eit val for å gjera karakteren mindre kjønna, men i ettertid synest ho at det kjønnsnøytrale kallenamnet er ein styrke.
– Eg hadde lyst til å skriva jenter som eg kjenner, utan at det vert slik: Korleis er jentene? Eg vert irritert på det at nokre måtar å vera på skal høyra til gutane, og andre måtar å vera på skal høyra til jentene. Det er jo berre tull!
Fem feministførebilete
Grunnen til at Ollis har heile fem fornamn er at mora hennar har kalla opp dottera etter fem norske kvinner som har utmerka seg i historia. (Målaren Oda Krogh, forfattar og journalist Lise Lindbæk, Louise Isachsen, Noregs første kvinnelege kirurg, Ingrid Bjerkås, Noregs første kvinnelege prest og sist, men ikkje minst, Sonja Haraldsen.) For Thon var dette eit viktig poeng, som ho forklarar med at ho sjølv har hatt ei feministisk oppvakning.
– Eg trur at det kjem til å vera ei bølgje, så kjem det til å løya litt, før det kjem ei ny ei. Eg føler at det er ei bølgje no, men eg håpar at det ikkje er på topp enno. Eg vil at dette skal vera starten på noko, seier Thon.
Les interjvu med ein annan NRK Super-profil som har skrive bok:
Christian Wiik Gjerde: – Eg har fått mitt første fanbrev!