Utdanningsforbundet er nøgde med at det pedagogiske ansvaret blir plassert i barnehagane.
mm

Måndag 24. april la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fram den nye rammeplanen for barnehagen.

Eit heilt sentralt spørsmål i prosessen med å laga ein ny rammeplan har vore rolla til barnehagelærarane og ansvar. Då eit utkast til ny plan vart lagt fram hausten 2016 uttrykte Utdanningsforbundet stor uro over at ansvaret til barnehagelærarane for det pedagogiske arbeidet, og for å utøva fagleg skjønn, ikkje var formulert.

– Slik planen er blitt, er det pedagogiske ansvaret tydeleg plassert hos styre og pedagogisk leiar. Her har politikarane lytta til profesjonen sin innspel, og det er veldig bra, seier leiaren for Utdanningsforbundet, Steffen Handal i ei pressemelding.

Den nye rammeplanen seier blant anna at styraren er gjeven «det daglege ansvaret i barnehagen, pedagogisk, personalmessig og administrativt», og at den pedagogiske leiaren er gjeve «ansvaret for å setja i verk og leia det pedagogiske arbeidde i tråd med godt fagleg skjønn». Det står òg at barnehagelærarane skal «leia planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa» i tråd med barnehageloven.

Leiken sin egenverdi

For Utdanningsforbundet og fleire andre har det vore viktig at den nordiske barnehagetradisjonen og då særleg leiken blir tatt vare på i den nye rammeplanen. Omsorg, leik, læring og danning er enno grunnelementa i den norske barnehagen.

– Eg er spesielt glad for at leiken sin eigenverdi, og den sentrale plassen til leiken i den pedagogiske verksemda til barnehagen, enno er eksplisitt formulert. Det er flott at vi har eit Storting og eit samfunn som veit å verdsetja det barnet sjølv synest er viktigast, seier Handal.

Rammeplanen seier blant anna at «Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leiken sin eigenverdi skal anerkjennast». I introduksjonen til dei sju fagområda til barnehagen står det at «Leiken til borna dannar eit viktig grunnlag for arbeidet med fagområda».

Den nye rammeplanen gjeld frå august 2017.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.10

Lik Framtida.no på Facebook: