mm

Ulrika Bergroth-Plur synest det er trist at det ikkje blir sunge meir i den norske skulen. Ho vil ta songen tilbake til skulen.

 

I ei undersøking som Framtida.no og Pirion har gjennomført blant kontaktlærarar i barneskulen, svarar halvparten av lærarane at elevane syng kvar dag i skulen. 11 prosent av klassane syng sjeldnare enn éin gong i veka, eller aldri.

I ungdomsskulen og vidaregåande er songen nesten fråverande.

Tilfeldig om ein får syngja
Ulrika Bergroth-Plur er dagleg leiar i Musikk i skulen og jobbar for å styrkja songen sin plass i skulen gjennom satsinga Syngende skole. Ho reagerer på tala.

– Alle elevar, uansett kor du bur i landet, kva for ein lærar du har, kva for ein kulturell, geografisk eller religiøs bakgrunn du har burde få høve til å synga kvar dag!

Ho meiner det i dag er heilt tilfeldig om det blir sunge eller ikkje i norske klasserom.

– Nokon barn kan få ein flott songsekk med seg for resten av livet, medan andre barn ikkje får noko som helst gjennom heile skuletida. Vil skuleeigarane og, frå eit nasjonalt perspektiv, politikarane verkeleg ha det slik? Og, skjønar dei eigenlege konsekvensane av dette? spør ho.

– Kva fellessongar skal me synga?
29 prosent av lærarane svarar at minst fire av fem elevar kan syngja første verset av «Ja, vi elsker dette landet». Langt færre klarer fleire vers. Første vers av «Norge i rødt, hvitt og blått» og «Nordmannen» er det òg berre brøkdelar av elevane som kan.

Ulrika Bergroth-Plur synest dette er triste tal.

– Ein ting er at borna ikkje får læra seg elementære grunnpilarar i den norske kulturelle songskatten, og at ein eigenleg heller ikkje generelt diskuterer kva barn burde kunna av songar.

Ho meiner også det problematisk når lærarane ofte tar opp teksten på skjerm i staden for at borna må læra seg tekster utanåt.

– 17. mai er eit arrangement der ein skal gå i tog og treng å kunna songar utanåt, men det finst då mange fleire høve som dette hadde vore både viktig og hyggeleg! Eg lurar: Dersom vi ein gong i framtida treng å få synga saman som folk, slik som i rosetoget i Oslo etter 22. juli – kva kjem borna til å kunna av fellessongar då? spør Ulrika Bergroth-Plur.

LES OGSÅ: Song er tatt ut av forslag til ny læreplan

– Songen har mange funksjonar
Ei undersøking blant norsklærarane i ungdomsskulen og vidaregåande, viser at song er så godt som fråverande i norsktimane.

Ulrika Bergroth-Plur meiner viser til at songen kan både gi betre læringsutbytte, betra det sosiale fellesskapet og ikkje minst at songen har ein eigenverdi.

– I norskfaget kunne ein ha brukt song både som ein rein kunstnarisk aktivitet og til innlæring av tekstar, ein kunne gjennomføra tekstskrivingsoppgåver, tekst- og musikkomposisjonsoppgåver, rapping og andre aktivitetar der song kan ha ei naturleg rolle for å oppfylla kompetansekrava i faget, føreslår ho.

LES OGSÅ: Vil ha «Nordmannen» inn i skulen

Ønskjer fleire syngande skular
Syngende skole-prosjektet har som mål å skapa ei positiv haldning til song og styrka song som eit aktivt verkemiddel for eit betre skule- og læringsmiljø.

Fleire satsingsskular har jobba for å gi lærarane dei metodiske verktøya dei treng for å setja i gang ein song og etablera varige system for å sikra dagleg song for alle.

Frå hausten blir det opna for fleire skular å melda seg på.

– Me ser at Syngende skole har blitt eit sosialt prosjekt. Mange skular har fått den same effekten som mange anti-mobbeprogram. Gjennom å syngja ilag, får elevane stoltheit og byggjer fellesskap, fortel Ulrika Bergroth-Plur.

LES OGSÅ: Denne klassen syng nesten kvar dag!

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.24

Lik Framtida.no på Facebook: