mm

Ny forsking viser at unge gutar blir raskare skuleleie.

 

Skuleforskar Thomas Nordahl har spurt elevar frå 1. til 4. klasse om dei trivst med fag på skulen.

Éin av ti svarar at dei mistrivst og er lite motiverte til å gå på skulen. Av desse er 70 prosent gutar.

– Dette betyr at skulen er ei særleg utfordring for gutar i denne skulestartfasen, seier Nordahl til NRK.

Undersøkinga gjeld Hedmark, men forskarane bak meiner tala er overførbare til resten av landet. Det er inga konkret forsking om kvifor nettopp dei unge gutane misser gnisten på skulen, men Nordahl har nokre tankar.

– Det er nok fordi skuledagen har blitt lengre, og det er meir av dei tradisjonelle skuleaktivitetane der du sit mykje roleg. Det gjer at ein del gutar med stort behov for fysisk aktivitet blir veldig urolege og ikkje finn seg til rette, seier han.

Han trur også lærarar ikkje forstår godt nok kor stor variasjon det er i ferdigheiter og kunnskapar hos 6-7- åringar.

Regjeringa sett ned ei ekspertgruppe for å greia ut kvifor gutar ikkje trivst på skulen.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 22.18

Lik Framtida.no på Facebook: