No er ho her endeleg, den første større fagboka som tar for seg nynorsk språkstimulering med dei minste.
mm

Kvart år startar kring 7800 born på i barnehagar i nynorske skulekrinsar.

Ingvil Brügger Budal (t.h.) er redaktør for Nynorsk med dei minste saman med Eli Bjørhusdal.– Me har laga Nynorsk med dei minste fordi det er så pass mange ungar som ikkje møter skriftspråket sitt før dei byrjar på skulen, seier Ingvil Brügger Budal.

Ho er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen, og redaktør for antologien saman med Eli Bjørhusdal ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Det har vore veldig lite fokus tidlegare på å kjenna igjen skriftspråkbilde og språkstimuleringspakkar, legg ho til.

LES OGSÅ: Nynorske barnehagar syng og les mest på bokmål

For barnehagar, studentar og andre

Boka vil ha ein naturleg plass på pensum på barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanninga 1-7.

– Språkstimulering er viktig å hugsa på, og studentane møter lite nynorsk på pensum. Slik sett fyller boka eit behov både for borna og studentane sjølv. Boka er vitskapleg, men gjort så konkret og praktisk som mogleg, seier Ingvil Brügger Budal.

Ho håpar òg boka vil vera aktuell for bruk i alle barnehagar.

– Det er fleire oppvekstkontor som har allereie har bestilt inn boka til alle barnehagane. Det er fantastisk!

Forsking og praktiske tips

Nynorsk med dei minste har vitskaplege artiklar om grunnar for å driva systematisk språkstimulering på nynorsk, om korleis språk og nynorsk blir omtala i årsplanane til barnehagane, om barneskriftkultur, om dialektar og stadnamn som pedagogisk ressurs, om litteratur og kvalitet, og sjølvsagt om lesing og skriving på nynorsk i barnehagen.

I boka finst ei rad framlegg til didaktiske opplegg i spennet frå nynorske songar til nynorske appar, og dessutan kunstnariske bidrag frå kjende barnebokforfattarar som Erna Osland og Kari Stai.

Hege Myklebust (t.h.) er ein av bidragsytarane i Nynorsk med dei minste. Måndag vart boka lansert i Falturiltu-bokhandelen på Stord med barn frå Ås barnehage.
Hege Myklebust (t.h.) er ein av bidragsytarane i Nynorsk med dei minste. Måndag vart boka lansert i Falturiltu-bokhandelen på Stord med barn frå Ås barnehage.

Lanseringsseminar

Hege Myklebust, høgskulelektor ved HVL på Stord, lanserte boka på Falturiltu-bokhandelen saman med born frå Ås barnehage på Stord måndag. Der las ho nokre av tekstane til Erna Osland. Dei var så populære at ho ikkje fekk gi seg før ho hadde lese alle dei fem små tekstane.

Myklebust har skrive om nynorsk tekstskaping i barnehagen.

– Boka har både lese- og skrivetips til dei vaksne og fleire didaktiske tips til bruk i barnehagane – tillegg til fleire små tekstar for borna, fortel Hege Myklebust.

Måndag 11. desember kjem fleire av artikkelforfattarane til eit større lanseringsseminar på HVL avdeling Bergen.

LES OGSÅ: Nynorske barnehagar stimulerer barn på bokmål

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.37