Janne Karin Støylen kursar barnehagar og barneskular i å formidla dei gode barnebøkene på nynorsk.
mm

«Alle barn har eit potensiale for å kunne like å bli lesne for», seier barnebok- forfattaren Maria Parr. Og dei gode bøkene finst! På papir mellom permar held nye, nynorske barnebøker høg kvalitet, både i tekst og bilete. Men det er først når boka også finst i medvitet til barnet i målgruppa at det magiske kan skje: Forteljinga blir levande for ein lesar.

– Høgtlesing vil eg setje to strekar under, held forfattaren fram.

Men kva skal vi lese? Og på kva måte?


Janne Karin Støylen driv Svidal skriveri på Jølster i Sunnfjord. Ho har mastergrad i barne- og ungdomslitteratur og mange års erfaring med litteraturformidling for Nynorsksenteret. Tidlegare har ho hatt programansvaret for Dei nynorske festspela og kulturprogrammet i Ivar Aasen- tunet. For tida er ho engasjert i utviklinga av “Rom for ord” – litterære møteplassar i distrikta og underviser i litteratur ved lærarutdanningane i Sogndal. Ho har nyleg motteke Fritt ord sitt kritikarstipend og vil melde barnelitteratur for avisa Dag og Tid, for Pirion.no og for Framtida.no

Den nye, nynorske barnelitteraturen markerer seg med gode bøker og med stort mangfald. Men vegen fram til lesaren kan vera kronglete for den nynorske barneboka. Det overordna målet med dette kurset er å bidra til at den kunstnarlege kvaliteten i boka kan bli lettare å identifisere og deretter aktivere i ei god formidling. Mellom den nye barneboka og det nye barnet står den vaksne høgtlesaren, den kompetente og engasjerte formidlaren. Du er ein stor faktor i likninga som avgjer kva verdi ei litteraturoppleving kan ha for ein barnelesar!

Barnelitteraturen har historisk sett hatt ein grunnleggjande pedagogisk og sosial funksjon. Denne funksjonen har med åra blitt utvida og nyansert. I dag har barnelitteraturen også ein status som kunst og estetikk, og ein innrømmer at barnet i ein slik samanheng har eit behov og ei interesse ut over det pedagogiske. Likevel vert barneboka ofte formidla i ein pedagogisk kontekst. I dette kurset skal vi sjå nærare på korleis dei kunstnarlege kvalitetane ved barneboka kan didaktiserast og dermed gjerast tilgjengelege for barnelesaren.

Å like og dele den gode barneboka

Gjennom omgrep som knyter seg både til teksten sin funksjon for lesaren og til barnelitteraturen sin estetiske autonomi, ser vi nærare på ulike kriterium for kvalitet i barneboka. Med støtte i desse omgrepa vil vi undersøke korleis god litteraturkritikk kan gje innspel til den didaktiske formidlinga: Ei melding som vektlegg integritet og originalitet, kan lesast som innspel til planlegginga av dialogisk eller repetert lesing. Ei melding som fokuserer på teksten sin kompleksitet, kan gje innspel til å førebu ein litterær samtale. Ei melding som vektlegg teksten sin intensitet, kan gje innspel til korleis ein i høgtlesinga kan ta stilling til at ein somme tider kan lese berre for moro skuld og andre gonger med eit mål om ettertanke og refleksjon, sjølv om boka er den same.

Alle nye bøker – kom ut!

Dei siste tiåra har ein offensiv kulturpolitikk­, og særleg innkjøpsordninga for ny, norsk skjønn­litteratur gjort det både kunstnarleg og økonomisk­ attraktivt å skrive godt, også for born. Forfattar­ane som fornyar den norske­ barne­bok-­tradi­sjonen,­ skriv seg opp mot litterære­ kvalitets­krav og tek mindre omsyn til pedagogiske­ siktemål. Kritiske­ røyster hevdar at mange av bøkene­ dermed heller ikkje tek omsyn til barnelesaren og barneperspek­tivet. Vurderinga varierer, men det gjer også littera­turen; Den store oppbløminga av ny, norsk barne­litteratur inneber eit breitt spekter­ av tekstar av alle slag. Det gjeld å nå alle med ei bok, og no finst det ei bok for alle!

I dette kurset får deltakarane presentert mange av dei nye barnebøkene i bokhausten. Tipslister med korte omtaler av endå fleire titlar vert delte ut.

Når opplæringsmålet er eit mindre brukt språk

Mange av dei fremste barnebokforfattarane våre skriv på nynorsk, slik som Maria Parr gjer. Men for den nynorske barnelesaren er den språklege kvardagen prega av at nynorsk er eit mindre brukt språk i den norske offentlegheita. Born som skal ha nynorsk som opplæringsspråk i skulen, møter oftast bokmålet når dei er små, både gjennom tv og data. Og i bøker. Dermed er dei lite eksponerte for skriftspråket sitt før dei byrjar på skulen. Dette kan barnehagen vege opp for. Ikkje minst gjennom å bruke dei nye, gode nynorske­ barnebøkene.

Gode bøker har eit rikare og meir variert­ ordforråd enn den munnlege samtalen. Skriftspråket­ har vanlegvis ein meir avansert grammatikk, fleire­ nyansar og klarare struktur enn talespråket.­ Ungane tileignar seg dette gradvis når vi les mykje­ for dei. Dei får eit rikare språk. Ungane lærer det skriftspråket dei ser og høyrer. Les difor høgt på nynorsk, syn ungane skriftbileta, la bøkene ligge framme! I dette kurset får deltakarane mange konkrete tips til korleis det nynorske skriftspråket kan bli ein synleg og integrert del av språkmiljøet i barnehagen.

Leseglede framom boka – og bak  

Kva kjenneteiknar bøker som gjev gode lese­opplevingar, anna enn eit godt språk? Dei beste for­teljingane vender seg til det felles­menneskelege­ i oss på ein slik måte at dei kan lesast på nytt og på nytt. Det er slik dei etter kvart kan bli klassikarar.­ Historia vil bli levande på nye måtar for den lesaren­ det gjeld, same kvar og kven han er. Den gode boka er god på tvers av tid og stad. Eller kanskje trass i tid og stad. Det einaste den gode barneboka treng, er ein som les og ein som lyttar. Eitt krav må likevel gjelde om du skal få realisert potensialet barnet har for å like å bli lese for: Du må like boka sjølv. Om målet er leseglede, må du lese ei bok som gleder deg! I dette pirion-kurset om nynorsk barnelitteratur kan vi love leseglede både for deg som formidlar og for dei du vil lese for.

Oppdatert: sundag 7. oktober 2018 21.20

Kommentarar