Kan bruken av konkretar, dialogbasert lesing og andre teknikkar vi i barnehagen tek for gitt, redusere kvaliteten på det litterære ved verket?
Bjørn T. Bøe
Bjørn T. Bøe

Under Falturiltu i november fekk eg gleda av å delta i ein paneldebatt om kvaliteten på litteratur for dei minste, i regi av barnebokkritikk.no. Under samtalen kom det fram eit interessant sidespor eg som barnehagepedagog ikkje hadde reflektert særleg mykje over tidlegare. Kan bruken av konkretar, dialogbasert lesing og andre teknikkar vi i barnehagen tek for gitt, redusere kvaliteten på det litterære ved verket?

Som både forfattar og pedagog står ein med denne problemstillinga overfor eit dilemma. Alle som har arbeidd med utvikling av biletbøker for barn veit at den gode barneboka ikkje skriv seg sjølv, om enn kor mykje mellom anna karane i Radioresepsjonen måtte satirisere over kor enkelt det er. Det er runde etter runde etter runde med omskriving, omstrukturering og tilpassing.

Alle som har arbeidd med utvikling av biletbøker for barn veit at den gode barneboka ikkje skriv seg sjølv

For å uttrykke seg så knapt og konsist som formatet krevjer må ein mellom anna skrive teksten ut i langform og så skjære den ned, om og om igjen. Det er endå viktigare å sørge for at kvart ord i kvar setning kling rett – medvita om at teksten er meint til å lesast høgt legg strenge føringar for det. Det er ein annan prosess enn med lengre tekstformar, men den er på ingen måte mindre omfattande.

Men sjølv om det kan synast fristande å tenkje seg ein ecosk modellesar også når ein skriv for barn, er biletbokforfattaren likevel svært medviten over at dersom teksten slår an i barnehage eller småskule vil den bli bearbeidd til det ugjenkjennelege, bileta illustratøren har brukt mykje tid på å utvikla i best mogleg symbiose med teksten blir teke fullstendig ut av samanheng, og bilete eller enkeltvise setningar vil bli myldra og undra over kvar for seg, kanskje sjølvstendige knytte til eitt konkret prosjekt. Blir den intenderte kvaliteten på verket forringa av dette?

Bjørn T. Bøe og Kari Stai deltok i samtalen på Høgskulen på Vestlandet på Stord under Falturiltu.

Frå ein fagleg ståstad veit vi at litteratur er eit nyttig og effektivt verktøy i systematisk språkutviklingsarbeid. Dialogbasert lesing, til dømes, kan skapa gode relasjonar mellom barna og den vaksne, og når lesinga foregår som ein dialog gir det godt grunnlag for språkstimulering, omgreps- og grammatikkforståing. Det fremjar óg sjangerforståing og stimulerer refleksjonsevna. På same måte er bruken av konkretar gode verktøy i språkstimuleringa, særleg i småbarnsalderen, der dialog mellom vaksen og barn som i stor grad er prega av protodialog. Det er i hovudsak den vaksne som står for det verbalspråklege i samhandlinga, og konkretar gir glimrande visuell og taktil støtte til begrepslæring. Etter kvart vil barna utvikle nok kompetanse til å krevje større del av samhandlinga.

Dialogbasert lesing kan skapa gode relasjonar mellom barna og den vaksne

Litteratur blir difor eit viktig redskap i den pedagogiske verktøyskassa. Men under samtalen på Falturiltu blei eg spurd om det krevjer pedagogisk kompetanse å skriva for barn. Eg meiner at det ikkje gjer det. Det vil ikkje seie at det er noko gale – tvert imot!

Litteraturen har minst så mykje å lære oss som nokon annan kunstform – men det pedagogiske i barnehagen oppstår i møtet mellom det litterære verket, formidlaren og lesaren. Det er faktisk ein føresetnad at det er her det oppstår, for formidlaren har ei rekke omsyn å ta: barnegruppa sitt høve til medverknad, månadsplan og årsplan i barnehagen, satsingsområde i kommunen eller kjeden, Rammeplanen, og ikkje minst kvart av dei individuelle barna sine behov. Alle desse faktorane er det umogleg for forfattaren å ta høgde for. Merk at eg med formidlaren her meiner den vaksne fagpersonen i barnehagen; ved eit forfattarbesøk eller andre kulturelle opplevingar ligg det heilt andre føresetnader og intensjonar til grunne. Her er det formidlaren sitt prosjekt og sin intensjon som skapar ei heilt konkret oppleving, som gjerne óg kan vera pedagogisk, men her ikkje frå overordna fagleg praksis. Det er mellom anna difor eg tenkjer meg at det er eit skilje mellom litterær og pedagogisk ambisjon.

Men forringar det kvaliteten på det litterære?

Eg meiner nei. Den originale, intenderte lesinga av verket vil alltid vere tilgjengeleg, og vil truleg bli brukt som vanleg. Meirlesinga, som eg vil kalle det, gjennom bruken i det pedagogiske, er heller i tillegg til enn på bekostning av den intenderte lesinga. Og så er det jo ein gong slik at barn helst vil lese kjende tekstar om igjen og om igjen. Det kan sjåast i samanheng med meistringskjensla og opplevinga av det kjende og trygge. Men det gjer óg at flittig brukte bøker i det pedagogiske blir flittig brukte bøker til vanleg lesing.

Alt i alt trur eg faktisk det er ein bonus at bøkene får bli dissekerte, tekstbitar og bilete isolerte og klypte i stykker, tekne ut av kontekst, og sette saman til nye heilskapar og i andre samanhengar. Det vil leie til betre litteraturforståing, betre relasjonar til litteraturen, og auke utforskartrongen. Det trur i alle fall eg.

Bjørn T. Bøe er barnebokforfattar og førskulelærar i barnehage. Han har BA i Medievitskap, og studerer Nordisk språk og litteratur ved UiB.

Oppdatert: tysdag 27. november 2018 13.09

Lik Framtida.no på Facebook: