– Alle elevar skal oppleva meistring og læring. Det bekymrar meg at mange gutar heng etter i skulen. Gutane oppnår lågare karakterar og fell frå i større grad enn jentene. Det er ikkje eit problem at jenter gjer det bra, men skulen må verta betre til å løfta gutane. Bakgrunnen til elevane og kjønn skal ikkje avgjera om elevane lukkast i skulen. Eg ser fram til å lesa og vurdera forslaga frå Stoltenberg-utvalet, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Stoltenbergutvalet overleverte i dag rapporten sin.
Den viser tydelege skilnader mellom gutar og jenter:
- Jenter har betre språkforståing allereie før dei byrjar på skulen.
- Etter 10.klasse får jentene betre karakterar enn gutane i alle fag bortsett frå kroppsøving.
- Kjønnsskilnaden i grunnskulepoeng ligg mellom 4 og 5 poeng i snitt, og varierer lite frå år til år.
- Jentene gjer det betre enn gutane i vidaregåande skule.
- Fem år etter påbyrja vidaregåande opplæring er det rundt 30 prosent av gutane og 20 prosent av jentene som ikkje har fullført vidaregåande opplæring.
Noreg blant landa med størst skilnader
– Konklusjonen til utvalet er at kjønnsskilnadene i skuleprestasjonar og utdanningsløp er ei samfunnsutfordring som krev tiltak. Utvalet har hatt som grunnleggjande prinsipp for tiltaka vi foreslår at dei skal bidra til å løfta gutane utan å redusera jentene si læring, at dei skal rettast mot heile elevgruppa, og at dei ikkje skal auka skilnader i skuleprestasjonar etter sosial bakgrunn, seier utvalsleiar Camilla Stoltenberg.
– Vi har utvikla tiltak for å gjera det enklare å få kunnskap om korleis det går med barn og unge i utdanningssystemet, tiltak for å gje alle barn ein like god start på skulen, tiltak for å gjera skulen meir rettferdig og interessant for både gutar og jenter, seier Stoltenberg.
Utvalet dokumenterer at jentene har gjort det betre i grunnskulen heilt sidan 1914. Gutar har dårlegare skuleprestasjonar i alle OECD-land, men Noreg er blant landa der skilnadene i dag er størst.
Her er nokre av forslaga til Stoltenberg-utvalet:
- Standardisert kartlegging av utviklinga til barn ved fire- og seksårsalderen til forsking og systemretta arbeid
- Nasjonalt register for barnehage og grunnopplæringa forvalta av SSB, som gjer det mogleg å følgja einskildpersonar sine læring og utvikling over tid
- Lovkrav om at enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning utløyser rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning frå personell med relevant spesialpedagogisk kompetanse i 80 prosent av timane som vedtaket omfattar
- Gratis førskuletilbod med minimum fem timar leikbasert læring i veka for alle femåringar
- Eit mindretal av utvalet går for inn utprøving av fleire former for fleksibel skulestart.
- Obligatorisk heildagsskule for alle elevar på 1.-4. trinn
- Innføra nasjonale prøver i lesing og rekning på 3. trinn og skriving på 8. trinn
Sjå video frå pressekonferansen måndag føremiddag: