Mats Eldøen og Sindre Goksøyr tar fantasien til barn på alvor.
mm

Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. Eller at tunga di er som kamelonen si.

I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om me hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar.

Gjennom absurde og morosame teikningar og fantasifulle tankespinn opnar dei for at barn og vaksne kan fabulera om korleis livet hadde vore – om berre viss.

Mats Eldøen er skodespelar og instruktør og har laga ei rekke framsyningar for barn, deriblant Lekene slår tilbake!, med over 300 framsyningar over heile verda. Han er ein erfaren improvisator og har vore med i TV 2-programmet Alt er lov. Eldøen er sjef for det Oslo-baserte improteateret Det Andre Teatret.

Til liks med teatersport, så er metoden til boka å akseptera og ta tankespinna vidare.

For kvar side med eit fantasifullt «tenk om», følgjer ei side der forfattar og illustratør viser eit morosamt fakta om dyra dei først har tenkt om.

Dette er ei bok som gjerne kan lesast med litt golvplass, så ein kan utforska korleis det er
å ha åtte bein, slik som edderkoppen, eller øyre som ein elefant. På denne måten kan ungane leika seg til kunnskap som sit.

Målgruppa for boka er 3 til 6 år, men ho kan gjerne lesast for, og av, skuleungar òg.

Mats Eldøen og Sindre Goksøyr. Foto: Jan Alsaker, Samlaget

Sindre Goksøyr er illustratør, teikneserieteiknar og bildekunstnar, med bakgrunn i kunstnarkollektivet Dongery. Han har ei rekkje bokutgivingar og utstillingar bak seg, deriblant bøkene om Kongen din, som han har laga i samarbeid med Odd-Magnus Williamson. Goksøyr gav ut miniteikneseriealbumet Hrmf! på No Comprendo Press i 2011.

Oppdatert: laurdag 11. mai 2019 21.44

Lik Framtida.no på Facebook: