Ei rikt illustrert bok som passar perfekt både til førskulebarn og spente førsteklassingar.
mm
  • Tittel: Lykketanna
  • Forfattar: Anja Dahle Øverbye
  • Forlag: Samlaget/2019

Handlingsreferat

Torbjørn er seks år og bur saman med mor si. Han elskar å gå i barnehagen, men til hausten skal han byrje på skulen. Alle spør om han gler seg, men det gjer ikkje Torbjørn. Han vil ikkje bli skulegut, og han vil iallfall ikkje kjøpe seg skulesekk.

Alle rundt han gler seg til å byrje på skulen. Kvifor gjer ikkje han det?

Torbjørn vil heller vere i barnehagen. Gå på tur, leite etter insekt i mosen eller grille pinnebrød.

Ein dag i sommarferien er Torbjørn og mamma på museum. Der kjøper mamma ei dinosaurtann til Torbjørn, og ho fortel at det er ein lykkebringar. Kan den hjelpe han, tru?

Viser mangfold

Utan å nemne det med ord speglar boka dagens samfunn. Torbjørn bur mest truleg berre med mor si, utan ein far. Barna leikar seg saman med alle nyansar av hudfargar. Alt er lett å kjenne igjen, utan at det er nemnt med ord.

Tema

Boka tek for seg tema om å kjenne seg einsam i sine teigne tankar, og det å vere redd for å byrje på noko nytt.

Lik Framtida.no på Facebook: