Måndag 16. september arrangerer Foreningen !les og Mediekompasset ein nasjonal lærarkonferanse om framtidas lesing og lesarar.
mm

Seminaret har tittelen «Engasjer lesarane til neste generasjon» og finn stad i Gyldendalhuset i Oslo frå klokka 09.30 til 15.00.

Skulen blir stadig betre til å læra elevar å lesa, men både fag- og fiksjonstekstar er i hard konkurranse med dei visuelle og interaktive media. Korleis engasjerer me morgendagens lesarar i dagens samfunn? Konferansen vil sjå nærare på kva lærarar og utgivarar kan gjera for å engasjera unge lesarar og sørga for dei blir verande lesarar livet igjennom. Bak konferansen står Mediekompasset frå Mediebedriftene og Foreningen !les.

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen opnar konferansen. Heidi Marie Vestrheim leier han. Andre føredragshaldarar er:

Natalia Kucirkova – Forskar University College London. Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger.

Mari Midtstigen – Ansvarleg redaktør | Aftenposten Jr.

Svein Olav Langåker – Redaktør | Pirion, Framtida Jr. og Framtida.no.

Kaja Mejbo – Ansvarleg redaktør | Utdanning.

Aslak Gotlieb – Forfattar, konsulent og lærar.

Maja Lunde – Forfattar.

Troels Posselt – Prosjektleder | Foreningen !les.

Ingeborg Volan – Redaktør for leseengasjement | Dagens Næringsliv.

Ragnfrid Trohaug – Forlagssjef Barn og Unge | Cappelen Damm.

Eva Thesen – Redaksjonssjef Gyldendal Litteratur barn og ungdom.

Brynjulf Jung Tjønn – Forlagsredaktør barne- og ungdomslitteratur | Det Norske Samlaget.

Silje Tretvoll – Dagleg leiar | Foreningen !les.

Lik Framtida.no på Facebook: