Falturiltu og Stord folkebibliotek med eit genialt arrangement der ungar og vaksne storkoste seg med forfattaren Marianne Gretteberg Engedal si første bok Pølsetjuven.
Jakub Rosinski, Atthaphon Bunkwang, Trym Ersland
Jakub Rosinski, Atthaphon Bunkwang, Trym Ersland

Barna som sat framme på scenen var fulle av latter og glede då Marianne Gretteberg Engedal las frå Pølsetjuven. Då ho var ferdig med boka viste ho heile byen frå boka til barna. Dei var engasjerte på å gissa kven som bur i dei morosame husa mens dei gomla i seg pølsene dei fekk frå pølseboda i biblioteket.

Då forfattaren peika på eit hus med ei bok på taket og spurte kven som bur der fekk ho mange morosame svar.

– Det er bokfamilien, sa eit barn.

– Nei! Det må vere skrivefamilien!, sa ei jente bestemt.

Nær 200 barn og vaksne fekk med seg at Marianne Gretteberg Engedal las frå Pølsetjuven på Stord folkebibliotek.

Etter at Marianne Gretteberg Engedal var ferdig med boka viste ho ein kort film der ho teikna illustrasjonane som er i boka. Så tok ho fram ein tusj og begynte å teikna med hjelp frå barna. Det blei litt kaos i rommet når barna ikkje kunne bli einige om korleis kråka såg ut.

– ­Eg synest det er ein god måte å få barna engasjerte i boka, seier Marianne Gretteberg Engedal etter ho blei spørt kvifor ho teikna for barna.

Dette var hennar første bok og første Falturiltu-førestilling. Både barn og vaksne synest det var eit gøyalt oppleg og me håpar å få sjå meir av Marianne til neste år!

Saka er skrive av elevar på medium og kommunikasjon på Stord vidaregåande skule. Pirion takkar for samarbeidet!

Oppdatert: laurdag 16. november 2019 21.48