Etter jul er det gjerne tid for nye temaarbeid i barnehagen.
Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Skal de ha samlingar med temaet vinter og snø, kan du ta utgangspunkt i denne lista med nynorske bøker, regler og songar. Her kan du laste ned og skrive ut dei to sidene: Sjå pdf!

Å arbeide med ord

Gjennom songar, høgtlesing og regler blir borna kjende med nye ord og lærer kombinasjonar av ord dei kjenner frå før. I tre- til femårsalderen får born gradvis meir innsikt, oversikt og kontroll, også når det gjeld språket. Ikkje minst er ordforrådet i stor utvikling, og barnet er ofte interessert i å leike seg med ord og utforske språket (Hagtvet, 2015). Vi skal sjå litt nærare på kva for typar ord vi kan arbeide med i barnehagen.

Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelektor og jobbar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Vi kan dele ordtilfanget inn i tre: Daglegspråksord er frekvente ord som dei fleste born lærer seg i kvardagsspråket, som katt, regn, springe. Fagord, som stearin, insekt og reir, blir ofte definerte, forklarte og brukte til ein forstår innhaldet. I tillegg har vi ei gruppe ord som ikkje høyrer til i dei to gruppene, men som er viktige for forståinga, ord som vispe, bestille, avtale, som vi ikkje brukar så ofte til vanleg (Selås & Gujord, 2017).

Ofte gløymer ein å forklare orda i den siste kategorien, fordi ein tenkjer at dette alt er vanlege ord som borna forstår. Dette er uheldig, fordi ein treng ei djup forståing av desse orda for å seinare kunne bruke dei variert (Selås & Gujord, 2017).

Når vi les høgt bøker slik dei er skrivne, møter vi både kjende ord og ein del ord som vi ikkje brukar i det daglege. Vi les skriftspråket, og born får det inn gjennom øyra. Skriftspråket har ein klarare struktur enn talespråket og eit rikare og meir variert ordforråd (Høigård, 2013). Det er derfor lurt å ikkje hoppe over dei orda vi ikkje brukar til vanleg. Stopp opp og snakk i lag om kva dei kan bety, og i kva samanhengar vi brukar orda.

I arbeid med temaet snø og vinter kan døme på daglegspråksord vere snø, ake, kald, fryse og varme. Fagord kan til dømes vere (snø)skuffe, naglebit, sludd, termometer og kram. Andre ord som kan vere viktige, men som vi ikkje brukar så ofte, kan vere slaps, hålke, strålande, skrense, andpusten og frostrøyk.

Det er fint å velje nynorske bøker, songar og regler slik at borna tileignar seg både fagord, daglegspråksord og andre ord på nynorsk. Det er ei estetisk oppleving i seg sjølv å lese, syngje og leike, og ein glimrande arena for språkarbeid med utgangspunkt i ulike tema.

Kjelder:
Hagtvet, B.E. (2015): Språkstimulering. Tale og skrift i førskolealderen. Oslo: Cappelen Akademisk forlag
Høigård, A (2013): Barns språkutvikling, muntlig og skriftlig (3.utg). Oslo: Universitetsforlaget
Selås, M. og A.K.H. Gujord (2017): Språkmøte i barnehagen. Bergen: Fagbokforlaget

Lik Framtida.no på Facebook: