Som ein del av bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtida junior kåra dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene etter år 2000 innanfor fire kategoriar. Kategoriane var biletbøker, barnebøker, ungdomsbøker og faktabøker.
– Vi ønskjer å løfte fram den nynorske barne- og ungdomslitteraturen og synleggjere dei som skriv på nynorsk, fortel Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret.
Originallitteratur på nynorsk
Nynorsk originallitteratur fekk vere med i utvalet, altså bøker som ikkje er omsette frå eit anna språk.
– Vi valde at kvar forfattar kunne vere representert med éi bok i kåringa. Slik vart mange forfattarskapar representerte, og vi fekk kaste lys over ein stor del av den nynorske barnebokhylla, fortel Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ved Nynorsksenteret.
Litteraturkritikar Janne Karin Støylen meiner det er ein viktig kvalitet ved den nyare nynorske barnelitteraturen at så mange ulike stemmer og forfattarskapar tek del.
– På den måten vender bøkene seg også til fleire lesarar og ulike måtar å lese på. I den nynorske barnebokhylla finst det bøker for alle, understrekar ho.
I katalogen finn du også tips til fleire andre gode, nynorske bøker i eit breitt utval av sjangrar og uttrykksformer. Bøker som ikkje høyrer heime i ein av dei fire kategoriane, eller som av andre årsaker ikkje vart med på listene over dei beste bøkene på nynorsk: diktsamlingar, teikneseriebøker, peikebøker, bøker av utanlandske forfattarar og eit utval bøker skrivne før år 2000. Set du alle desse bøkene ved sida av kvarandre, får du godt og vel ein meter med bøker frå øvste hylle.
– Imponerande mangfald
Juryen har vore samansett av Liv Astrid Skåre Langnes og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng frå Nynorsksenteret, lesegledar Trond Strand, Janne Karin Støylen som driv Svidal skriveri og Troels Posselt frå Foreningen !les. Ein av jurymedlemane, Troels Posselt, er ikkje nynorskbrukar til vanleg.
– Eg er dansk, og då eg flytta til Noreg verka bokmål som eit meir naturleg val. Men eg har alltid vore glad i språk og er glad i nynorsk. Faktisk prøver eg meg også på å skrive nynorsk iblant – etter beste evne. Men først og fremst er eg glad i å lese bøker på nynorsk. Difor har det òg vore veldig stas å få vere med i denne juryen. Det har vore spennande å få høve til å diskutere gode bøker med ein kompetent gjeng, seier Posselt.
Han les dei fleste av dei nynorske barne- og ungdomsbøkene som kjem ut, og synest kvaliteten som oftast er høg.
– Det blir òg veldig synleg når ein får i oppdrag å vere med på å velje ut dei beste barne- og ungdomsbøkene som har kome ut sidan 2000. Det gav meg eit høve til å lese ein del titlar som eg ikkje hadde lese før, og til å få ei oversikt over det imponerande mangfaldet som finst, seier han.