Marianne Gretteberg Engedal får Kulturdepartementets bildebokpris for 2019 for boka Pølsetjuven.
mm

I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna:

– Pølsetjuven er ei original forteljing om ein kjend tematikk: å ta eigne val, sjølv om det kan kjennast vanskeleg. Ei fin skildring av korleis det er å finne seg sjølv i ei verd som er full av fastlagde rammer og forventningar. Boka nyttar biletbokmediet godt, og er prega av ein original og gjennomført forteljarstil.

Juryen er sett saman av Silje B. Johannessen (leiar), Agnes Margrethe Bjorvand, Asbjørn Kolberg, Leif Haakon Steine og Kyrre Matias Goksøyr.

Morosam og skakk

Teksten i Pølsetjuven er i hovudsak replikkar, og bileta ber mykje av handlinga.

– Vekslinga mellom mindre ruter og heile sider skapar tempo og dynamikk, og rik fargebruk formidlar stemninga effektfullt. Teikningane er morosame og fulle av spanande detaljar, og innbyr til å lese boka mange gonger. Forsats og baksats er nytta til å gje eit før- og etterperspektiv til forteljinga. Stilen er skakk og morosam, og dei ulike karakterane understrekar fint kor ulike me er som menneske, skriv juryen.

Prisen er på 50.000 kroner.

Sjå intervjuet med Marianne Gretteberg Engedal frå Framtida Junior:

Dei andre prisane går til:

Litteraturprisen går til Ingeborg Arvola for Buffy By er talentfull. En selvbiografi, Cappelen Damm

Fagbokprisen blir delt mellom Nina Brochmann, Ellen Støkken Dahl og Magnhild Winsnes for Jenteboka. Ellen og Ninas guide til puberteten, Aschehoug

Debutantprisen går til Neda Alaei for Dette er ikke oss, Gyldendal

Tegneserieprisen blir delt mellom Malin Falch og Regine Toften Holst for Bjørnar. En historie fra Nordlys, Egmont

Illustrasjonsprisen går til Rune Markhus for illustrasjonane til På omveien hjem, Gyldendal

Oversettarprisen går til Kirsti Vogt for omsetjinga frå engelsk av Jessica Townsend: Vundersmed. Morrigans kall, Vigmostad & Bjørke

Oppdatert: torsdag 2. april 2020 10.48