Talet på lånarar av e-bøker har mangedobla seg medan bibliotekdørene no held stengt under koronakrisa. Utlånet av barnebøker har særleg auka.
mm
Slik låner du e-bøker
  1. Last ned appen BookBites. Dette gjeld bibliotek i Noreg-Noreg, Innlandet, Viken, Vestfold-Telemark og Vestland (minus Bergen). Biblioteka andre stader har andre ordningar.
  2. Opprett ein ny brukar
  3. Legg inn lånenummer og pinkode frå biblioteket. Send epost til biblioteket ditt viss du treng hjelp.
  4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker
  5. Last ned og les eller høyr
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det har vore ein dramatisk auke i talet på nye lånarar både i Noreg og Danmark, seier Kristin Lande, kommunikasjonssjef i Biblioteksentralen til Framtida.no.

Sist veke var det 4900 nye brukarar på appen BookBites. På denne appen kan alle med lånenummer frå over halvparten av landets bibliotek låna bøker. Til vanleg er talet på nye brukarar mellom 1000-1200.

I snitt brukte kvar brukar 33 minutt dagleg på å lesa sist veke.

Forventar auke

Kristin Lande forventar at den store auken held fram vidare.

– Eg er utruleg imponert over kreativiteten til biblioteka, og korleis dei har kasta seg rundt med digital formidling veldig raskt.

Jobbar for Feide-innlogging

Til vanleg er det flest vaksne som bruker BookBites i Noreg, men Lande ser no ein auke i utlånet av barnebøker som e-bøker.

Kristin Lande, kommunikasjonssjef i Biblioteksentralen. Foto: Nikolaj Blegvad

Biblioteksentralen jobbar no med å leggja til rette for at elevar kan logga seg på BookBites via Feide-innlogginga som alle elevar har.

LES OGSÅ: Etterlyser fleire e-bøker for barn og unge

20 millionar til e-bøker

No har regjeringa løyvd 20 millionar kroner til innkjøp av e-bøker til folkebiblioteka. Midlane blir fordelt til fylkesbiblioteka etter folketal.

– Det er veldig gledeleg. Me har dei siste dagane fått ein auke i spørsmål frå lokale bibliotek om kjøp av e-bøker, seier kommunikasjonssjef Kristin Lande ved Biblioteksentralen.

LES OGSÅ: Ta i bruk bøkene på 1-2-3!

TILBYR BOK PÅ 1-2-3: Formidlar Ida Karin Aarflot Kornberg (til venstre) ved Ivar Aasen-tunet og prosjektleiar Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.
Oppdatert: torsdag 2. april 2020 10.48