Vekene utan dei trygge kvardagsrammene til barnehagen er vanskelege for mange barn. Ei god støtte kan foreldra finna i barnehagen sine rutinar.
Bjørn T. Bøe
Bjørn T. Bøe

Vi er på veg inn i den tredje veka med stengte skular og barnehagar. Barn og foreldre over heile landet gjer sitt beste for å tenkja kreativt, å gjera det beste av ein usikker og forvirrande situasjon.

Uansett kor mykje vi foreldre strever for å forklara er det ikkje lett for barna våre å forstå kvifor dei ikkje kan vera med vener, besøka besteforeldre eller gå i barnehagen. Vi gjer vårt for å læra dei om hygiene og sosial distansering, samstundes som vi ikkje skal uroa dei unødig.

Men vi vaksne blir jo uroa, vi òg. Somme av oss er redde, mange er bekymra. Vi er sinte, på dei som gjer blaffen i karantene og reglar og berre tenkjer på seg sjølve. Vi er oppskjørta, av at barna ikkje alltid hugsar å ta førehandsreglane vi har drilla dei i. Vi er irritable, vi er brakkesjuke, vi er slitne. Vi er overarbeida, einsame, triste, redde, i ubalanse. Påkjenninga tærer på parforholda våre, økonomien vår er usikker, det sosiale utanom familien er fråverande.

Barn ser til foreldre og føresette som sine fremste rollemodellar, for tryggleik og stabilitet. Er vi uroa sjølve, blir barna også uroa.

Barn ser til foreldre og føresette som sine fremste rollemodellar, for tryggleik og stabilitet. Er vi uroa sjølve, blir barna også uroa. Dei er langt meir sensitive for vaksne sine nonverbale signal enn det vi kanskje er medvitne om at vi utviser. Difor er det viktig å vera klar over at vi ofte driv med omfattande dobbeltkommunikasjon dei færraste barn er utstyrte med føresetnadar til å tolka.

Uro og rammer

Det er utruleg viktig å snakka med barna om koronakrisa. Helsenorge.no har gode retningsliner for korleis de kan gjera det. Det er uunngåeleg at mange barn er, eller vil bli, uroa. Barn har mange måtar å respondera på, og korleis vi møter barna kan difor vera avgjerande for korleis dei meistrar å handsame kjenslene sine. Ikkje alle barn evnar å setta ord på kva dei føler, mange søkjer i staden inn i seg sjølve. Vi kan difor ikkje venta at alle barn gjev tydeleg utrykk for om dei har ei indre uro. Somme barn kan virka heilt upåverka om dagen, men om kvelden eller natta kan bekymringar koma til overflata. Då er det avgjerande med medvitne vaksne som er klare til å støtta dei.

Ein lei tendens er å tillegga barn intensjonar som om dei var modne vaksne, og dermed mistyda utagerande åtferd som kalkulerte handlingar for å irritera eller plaga oss med overlegg: «Det der gjorde han berre for at eg skulle…!». Men barn er sjølvsagt berre barn; det er som regel noko som ligg bak.

Barn søkjer ofte den merksemda som det er kortast veg til.

Ingrid Lund, professor i spesialpedagogikk, forklarar utagerande åtferd som ein respons på kjensler, erfaringar og opplevingar barnet berer med seg. For mange barn kan difor høglydt utagering bli den naturlege reaksjonen på usikkerheit og angst, altså ein forsvarsmekanisme. Det kan også vera eit rop om merksemd. Distraherte og stressa foreldre har sjeldan tid. Då vert all merksemd god merksemd. Også negativ. Barn søkjer ofte den merksemda som det er kortast veg til. Åtferda må difor tolkast uavhengig av det overflatiske. Vaksne som ikkje er medvitne dette kan over- eller undervurdera kva påverknad sterke inntrykk kan ha på barnet. La dei få forstå at vi ser dei, at dei blir høyrt. Det er heilt avgjerande at barnet opplever å bli tatt på alvor.

Urolege barn visar seg i røynda ofte å vera usikre; dei leitar etter trygge rammer å forhalda seg til. Alle barn finn god støtte i klare, føreseielege rammer. Barnehagen er full av desse. Vanlegvis bør barnehagen få bli verande i barnehagen. Men akkurat no, i den kaotiske koronakvardagen, kan det faktisk vera nyttig å henta litt av barnehagestrukturen heim.

Bjørn T. Bøe er barnebokforfattar og førskulelærar i barnehage. Foto: Vicky Pridmore/Samlaget

Dei trygge rammene

Barnehagen skal vera ein av dei tryggaste stadene barnet kjenner til, ei øy av normalitet, rutine og struktur. Dagsrytmen frå barnehagen kjenner de heilt sikkert til. Ein av grunnane til at barnehagedagens er organisert slik er at oversikt over planar og rutinar gjer dagen føreseieleg, og reduserer stress. Ein verdifull strategi kan difor vera å henta ein del av barnehagen sin dagsplan inn i det nye dagleglivet heime.

Bryt dagen opp i bolkar av organiserte aktivitetar og frileik, som de går gjennom i fellesskap om morgonen. Ha ryddetid mellom kvar aktivitet.

Bryt dagen opp i bolkar av organiserte aktivitetar og frileik, som de går gjennom i fellesskap om morgonen. Ha ryddetid mellom kvar aktivitet. Aktivitetskort passar godt til å setta opp ein dagsplan. Har de ikkje slike, finst det mange ressursar på nett, eller de kan laga dei sjølve. Faste måltid i fellesskap sikrar samhaldet og kjensla av tryggleik. Strukturer planen rundt desse, og ha også med ein bolk utetid kvar dag, uansett vêr. Den treng ikkje vera lenge. Veksle mellom sosiale aktivitetar saman med barna, og ting dei kan halda på med på eiga hand. Ei handfull aktivitetar per dag kan godt vera nok. Skjermtid bør regulerast. Det er veldig freistande å la nettbrettet eller Nintendo Switchen vera barnevakt, men det kan fort bli kontraproduktivt. Den kan godt fungera som ei gulrot i små dosar.

Når dette er sagt; de må for all del ikkje erstatta éin stressfaktor med ein annan. Ein dagsplan skal vera eit verktøy for å gjera det enklare for foreldre og barn, ikkje skapa meir stress! Om de opplever at det berre skapar meir uro er det gjerne fordi strukturen blir hemmande i staden for hjelpsam. Då er det på tide å ta eit steg attende og tenkja nytt. De treng på ingen måte å henga dykk opp i barnehagerytmen. Finn dei strategiane som passar best for familien. Det er mykje betre å senka skuldrene.

Ikkje tenk at aktivitetane skal vera didaktisk eller pedagogisk forankra. Akkurat den delen kan godt bli att i barnehagen. Det er langt viktigare å kosa dykk i sofaen med ein film, ei bok eller eit spel enn å huka av for oppnådde læringsmål. Poenget er faste rutinar, ikkje måloppnåing! Barnehagebarna har ikkje vondt av ein pause frå det pedagogiske, sjølv om skulesyskena har sitt skulearbeid.

Eit forslag til konstruktive aktivitetar kan vera dei daglegdagse gjeremåla som skal gjerast uansett. Prøv til dømes å ha ordensbarn. Berre sjå kor rak i ryggen femåringen som dekker bordet blir med litt ansvar. Gje fireåringen ein klut eller ein kost, eller la dei hjelpa med å fylla opp vaskemaskina. Kort sagt, la dei delta i det huslege, på sine premisser. Det kan bli både moro og konstruktivt.

Nøl ikkje med å ta kontakt med pedagogisk leiar i barnehagen.

Spør pedagogane

Nøl ikkje med å ta kontakt med pedagogisk leiar i barnehagen. Bruk høvet til å pleia kontakten med personalet. Barnehagen er stengt, men dei er der for dykk om de treng dei. Ein kan ikkje venta at barnehagepersonalet skal underhalda barna over nett med digitale samlingar og liknande (men somme har lagt ut slike på nett, og mange barnebokforfattarar les bøkene sine på Instagram. Bruk dette!). Men dei kan gje dykk rettleiing, råd eller tips, og dei kan visa til ressursar om de har behov for det. Som kva som skal til for å ha samlingsstund heime, for dei som kjenner seg ekstra dristige…

Ikkje la koronaviruset stela tryggleiken til barna. Gje dei rutine og struktur, og la dei senka skuldrene med faste og føreseielege haldepunkt i kvardagen. Jobb saman mot det felles målet. Når barna har sine eigne rutinar å forhalda seg til vert lettare å få gjort unna litt av sitt eige arbeid. Det er eg heilt overtydd om.

Bjørn T. Bøe er småbarnspappa, barnebokforfattar og pedagogisk leiar i barnehage. I tillegg tek han mastergrad i nordisk litteratur ved UiB. Utfordringane ved å ha heimekontor og småbarn er noko han kjenner på kroppen.

Oppdatert: torsdag 2. april 2020 10.48

Lik Framtida.no på Facebook: