Langeland skule er blant dei største nynorske 1.-7.skulane i landet, med sine 410 elevar. Skulen har lite plass, men har prioritert skulebiblioteket dei siste åra.
mm

– Me har rydda opp i og fornya boksamlinga vår i løpet av nokre år. Det er var noko av det første me gjorde, fortel Synnøve Koløen. Ho er bibliotekansvarleg på Langeland skule saman med Torbjørn Røssland

Støtte frå Udir og Kulturrådet

Langeland skule i Stord kommune er blant dei nær 200 heldige skulane som får alle dei kring 120 bøkene for barn og unge som kjem på innkjøpsordninga til Kulturrådet kvart år – i tre år.

Kommunen har i tillegg fått støtte frå Utdanningsdirektoratet til ekstra personalressurs på skulebiblioteka på Langeland skule og Tjødnalio skule.

– Skulen har fått fleire timar til å bemanna biblioteket, dette gjev oss ein mykje større mogelegheit til å møta den einskilde eleven og samtale uformelt om bøker og å hjelpa dei til å finna rett bok, fortel Synnøve Koløen.

Det har også gitt både skulebiblioteket og folkebiblioteket høve til å driva med formidling av litteratur.

LES SAKA: To hundre skukebibliotek er inkluderte i innkjøpsordningane

Viktig med eit annleis rom

Biblioteket på Langeland skule er mykje i bruk, og er på mange måtar hjartet i skulen.

– Det er viktig å ha eit rom på skulen som er annleis enn klasserommet. Elevane søker veldig til biblioteket, og kjem her både for å lesa og låna bøker. Eg opplever det som veldig positivt for skulen, seier Synnøve Koløen.

Med eit levande bibliotek på skulen gir det høve til lesing i andre situasjonar enn i skuletimane.

– Skulebiblioteket skal vera ei utviding av klasserommet, ein læringsarena både sosialt og fagleg. Me ynskjer at det skal vera ein kultur for lesing på Langeland – og at me er ein lesande skule, understrekar Synnøve Koløen, og viser til forsking som syner at dei elevane som driv med frivillig lesing på fritida er dei som blir dei beste lesarane.

Matheo Luca Klingsheim (9), Herman Elias Carlsen (10), Marte Sandvik Turøy (10) og Emilie Brandvik (10) er ivrige lesarar og går ofte på skulebiblioteket. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Lesing er viktig i alle fag

Rektor Anita Eriksen fortel at satsinga på skulebiblioteket er viktig for skulen.

– Lesing er ein dugleik som elevane må ha i alle fag, påpeikar ho, og seier det er viktig å prioritera tid til lesing.

Leseplan for leselyst

Skulen har laga sin eigen leseplan der biblioteket blir brukt for å fremja leselyst, og elevane blir involvert mellom anna som bibliotekhjelpar for at dei skal føla eigarskap til biblioteket.

– Me har fokus på å finna rett bok til rett elev, og har gjort det lett å finna fram til rett bok når det gjeld nivå. Mange av bøkene står med framsida ut for å lokka elevane til å ta fram bøkene, fortel Synnøve Koløen.

Biblioteket er organisert etter tema.

– Humorhylla og teikneseriebøkene er svært populære, fortel Synnøve Koløen.

Kjøper mest mogleg nynorsk

Med sine 410 elevar er Langeland skule blant dei største nynorske 1.-7.skulane i landet.

– Me prøver å kjøpa inn flest mogleg nynorske bøker. Nyleg utvida me med fleire Leseland-bøker, fortel Synnøve Koløen, og seier biblioteket kunne tenkt seg å velja mellom endå fleire nynorske bøker.

LES OGSÅ: Ny undersøking: Fleire skulebibliotek har auka innkjøpet av nynorske bøker

William Andre Hatlevik Helland (9) likar seg på skulebiblioteket på Rimbareid barne- og ungdomsskule. Dei er òg blant biblioteka som har fått støtte frå Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet. Foto: Svein Olav B. Langåker
Oppdatert: tysdag 10. november 2020 17.23

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar