Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god julestemning!
mm

Dagen startar og det er mørkt ute. Men inni i klasserommet eller barnehagen er det mange skular som tenner lys, syng julesongar og les juleforteljingar høgt. Her får du tips til fleire nynorske bøker som skaper god stemning.

«God dag, herr Jul» – Laura Djupvik

Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det?

Onkel Thor seier at det er slett ikkje sikkert at det blir jul. Det kjem heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre rare ting som skjer.

God dag, herr Jul er ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring. Boka passar barn i alderen 8-12 år.

«Harry og Ivar tryllar jula inn» – Lars Mæhle

Harry og Ivar-bøkene er morosame, og denne gongen har Harry fått ein grandiosa idé: han vil trylla fram ein julekveld i april. I forsøket blir det ikkje spart på ess eller kaninar – og særleg ikkje på vaflar.

Betre blir det ikkje av at superskurken Kameleonen lurar i julepynten. Og som vanleg er det blyge Ivar som må rydda opp i sakene.

Boka er illustrert av Per Dybvig, og passar barn i alderen 8 til 11 år.

«Jul på Bukken Hotell» – Christian Wiik Gjerde

Boka er gjennomillustrert med fine, artige teikningar av Ingrid Dos Santos. Gjennom boka møter me mange typar karakterar; den jålete, den alvorlege og strenge, den godhjarta, den koselege og mange fleire. Fredrik er hovudpersonen, og saman med mora og faren sjekkar dei inn på Bukken hotell, sjølv om det eigentlig er julestengt. Fredrik merkar snart at hotellet ikkje er heilt av den vanlege sorten.

Saman har Christian Wiik Gjerde og Ingrid Dos Santos skapt ei tradisjonell julehistorie, men med ein spesiell tvist, som gjer boka ganske spennande utan å øydeleggja julestemninga ein får av å lesa kalenderbøker. Boka passar for 7-11-åringar, men er også ei bok ein kan lesa høgt i familien. Les heile bokmeldinga på Framtidajunior.no!

«Jon og den lange julenatta» – Hilde Myklebust

Julekvelden ventar med gåver og herleg mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans, Tyra, skal få føl. Og det på sjølvaste julenatta!

Jon lèt julefeiring vere julefeiring og tek med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passa på Tyra, som snart skal bli mor.

Hilde Myklebust har skrive ei varm og vakker juleforteljing om underet som skjer i stallen julenatta. Den jordnære og varme teksten, og dei vakre illustrasjonane til Inger Lise Belsvik, går rett heim hos både born i barnehage og litt større ungar.

«Jakob og Neikob og det tomme rommet» – Kari Stai

Kari Stai tek oss med inn i universet til Jakob og Neikob ein gong til. I denne tredje boka ynskjer Jakob og Neikob seg ein sambuar som kan bu i det skumle og tomme rommet på loftet. Men kva er ein sambuar? Som alltid kan kommunikasjonen by på utfordringar sidan Jakob seier ja til alt, og Neikob seier nei til alt.

Bestevennene bur i eit høgt hus, Jakob bur i første etasje, og Neikob i andre, men kven skal bu på loftet?

Vennene møter mange på sin veg som kanskje kan bu på loftet deira. Kva med ein snømann, kan han bli ein god sambuar? Eller kva med ein engel, eller ein nisse?

Bøkene om Jakob og Neikob passar godt til høgtlesing. Les resten av bokmeldinga vår her!

 

«Gubben som ville fanga jula i ein håv» – Sylvelin Vatle

Ein vinterkveld sitt Gubben i kjøkkenet og funderer. Korleis skal han skaffa pengar til å kjøpe ein flott julepresang til Georg? Då landar noko merkeleg på fuglebrettet. Er det eit sjeldant insekt? På nært hald liknar insektet ein liten, lysande gut. Gubben er rask og fangar tassen i sommerfuglhåven sin. Kanskje han kan selja insektet i dyrebutikken og verta rik? Då byrjar mystiske ting og skje.

Historiene som høyrer jula til vert fortalde med nye ord. Som eit moderne juleevangelium

Dette er ei flott høgtlesingsbok, men ho er lenger enn ei biletbok vanlegvis er, 60 sider. Sjølv om ho ikkje er inndelt i kapittel, gjev fokuset på dei ulike personane i juleevangeliet ei naturleg inndeling. Difor eignar boka seg godt til daglege leseøkter i tida før jul i aldersgruppa 5-10 år, ifølgje bokmeldinga på Nynorskbok.no!

Denne siste boka skal vera utseld, men er å få tak i på fleire bibliotek.

SJÅ OGSÅ: Her finn du dei gode julesongane på nynorsk!

Dansk julekort frå om lag 1900.

Er du interessert i å få dei siste artiklane våre om barnebøker, barnekultur og språkarbeid i barnehagar og småskule?
MELD DEG PÅ NYHENDEBREVET VÅRT HER!

Oppdatert: tysdag 24. november 2020 12.03

Lik Framtida.no på Facebook: