Regjeringa vil gi barnehagar og kommunar plikt til å vurdera norskkunnskapar til alle barn før dei byrjar på skulen. Utdanningsforbundet er kritisk.
mm

– Kvart år startar ein del barn på skulen utan å kunna norsk godt nok. Dei slit ofte med å følgja undervisninga, og dei risikerer å bli hengande etter både fagleg og sosialt. Desse barna må vi fanga opp tidlegare, slik at dei får moglegheit til å utvikla språket godt før skulestart, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.

Forslaget blei sendt på høyring denne veka, og er ei oppfølging av Granavolden-erklæringa der regjeringa vil sikra tidleg innsats og oppfølging av barn som treng støtte.

Tydelegare fokus på norsk språk

I dag går 92 prosent av barn mellom eitt og fem år i barnehagen. Å vurdera språk som ein del av utviklinga til barnet inngår allereie som ein fast del av den pedagogiske verksemda til barnehagane.

Dagens regelverk krev likevel ikkje at norskkunnskapane skal vurderast særskilt. Det kan føra til at ein del barn med manglande norskkunnskapar ikkje blir fanga opp og tilbode støtte til å utvikla språket.

Ei ny vurderingsplikt vil gjera tydeleg at barnehagane har eit ansvar for å følgja opp norsk språk spesielt. Barnehagane må rapportera til kommunen at vurderinga er gjort. Ei plikt til å vurdera er ikkje det same som ei plikt til å kartlegga.

Vil vurdera alle barn – òg dei heime

Også barn som ikkje går i barnehage skal følgjast opp. I slike tilfelle er det kommunen som får ei plikt til å tilby ei vurdering av norskkunnskapane til barna. Kommunen kan velja der vurderinga skal gjerast, og helsestasjonen kan vera eit døme.

– Med vurderingsplikta vil me sikra at alle barn, både dei i og utanfor barnehage, blir vurderte og får moglegheit til å få støtte, seier Melby.

Det er opp til barnehagen og kommunen å bestemma når vurderinga av kvart barn skal gjerast ut frå lokale forhold. Men kunnskapsministeren legg til grunn at vurderinga blir gjort så tidleg i barnehageløpet at barn som treng det får nødvendig norskspråkleg støtte før dei byrjar på skulen. Kunnskapsdepartementet vil sørga for at det blir laga eit godt verktøy som barnehagane og kommunane kan bruka i oppfølginga av barn som treng støtte til å utvikla språket.

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal er kritisk til forslaget om å vurdera norskkunnskapane til barn før skulestart. Foto: Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet: – Omkamp

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal meiner regjeringa bommar når dei prioriterer å lovfesta ei plikt til å vurdera norskkunnskapane til det enkelte barn. Han viser til at eit liknande forslag blei avvist av Stortinget i 2016 etter eit større diskusjon.

– Å vera tospråkleg er ikkje ein språkvanske. God tospråkleg utvikling er ein rikdom for barnet sjølv, og for samfunnet, seier Handal.

– Me hjelper ikkje desse barna ved å vurdera kor mykje norsk kvart enkelt barn kan, og ved å innføra ei rapporteringsplikt på dette området. Den store innsatsen må me legga i å skapa gode miljø for utvikling av norsk som andrespråk, både i barnehage og skule. Eit slikt prosjekt krev satsing i form av ressursar og kompetanse, seier han i ei pressemelding.