Då skodespelarane kom til prøvene den første dagen i februar, visste dei ikkje kva roller dei skulle ha. Dei hadde ikkje noko manus og ingen musikk. Stykket er utvikla på scena ved hjelp av ein metode som vert kalla «deviced theatre».
– Det vert morosamt og fullt av glede og fantastisk musikk, samstundes som vi forhåpentlegvis kjem til hjartet av historia. Vi går i djupna på kva som skjer med karakterane og kva dei føler, seier regissør Alex Byrne i ei pressemelding.
Førde i staden for New York
Alex Byrne er ein av dei fremste på å lage familieframsyningar, ikkje berre i Storbritannia der han held til, men på verdsbasis. I løpet av 2021 skulle han ha vore i New York og sett opp Snøkvit på Broadway, men på grunn av pandemien vart oppsettinga utsett.
– Og no for tida skulle han ha laga ei familieframsyning på The Unicorn Theatre i London, men også den er utsett. Dermed opna kalenderen hans seg opp, slik at han kunne komme hit til oss i staden, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.
Alex Byrne har fått med seg eit kraftlag til å jobbe fram ein ny versjon av det urgamle eventyret om den vesle jenta som må gå åleine gjennom skogen til bestemor si: regiassistent og dramaturg Elisabet Topp, scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington, teaterets eigne lysdesignar Krystian Myska og komponist Gregory Hall.
Kaste ut alle idear ein får
På scena står Anne Wiig, Kyrre Eikås Ottersen, Bård Watn og Katrine Lunde Mackenzie.
– Når ein jobbar med «deviced theatre», må ein berre kaste ut alle idear ein får og ikkje tenkte at dei er dårlege, seier Anne Wiig og held fram:
– Når det vart bestemt at eg skal spele Raudhette og karakteren starta å ta form, vart det stadig lettare å improvisere. Eg veit korleis ho ville sagt og gjort ting. Musikken i stykket blir til gjennom ein liknande prosess, og eg har debutert på kontrabass.
Kyrre Eikås Ottersen har vore tilsett ved Teater Vestland i 25 år. Han har fylt rundt 70 ensembleroller og turnert så masse att og fram i fylket at det tilsvarer minst eit par gonger rundt jordkloden, men han har aldri jobba på denne måten før.
– Vi kjenner jo eventyret, men vi hadde ingen tekst. Den fann vi fram til i fellesskap. Vi har utforska dei forskjellige rollene. Kva type er ulven: Er han berre slem, eller kan det hende at han har sine eigne ting han slit med? Det er bestemt at eg skal spele ulven, men vi tar i bruk dokker, så det kan jo hende at eg dukkar opp som Raudhette også, seier Kyrre Eikås Ottersen.
Ny familiesatsing
Med «Raudhette og ulven» er Teater Vestland godt i gang med si nye satsing på teater for barn og unge.
– Det er inga hemmelegheit at eg brenn for teater for barn og unge, og det kjem til å vise att i repertoaret dei kommande åra. Vi kjem jamleg til å ha større framsyningar som vil rette seg mot barn og unge og heile familien, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.
I 2021 har Teater Vestland tre premierar for barn i ulike aldrar.
– No i vår er det «Raudhette og ulven» og «Katteblues», ei musikalsk framsyning om kattar med bluegrassmusikk. Til hausten kjem endå ei familieframsyning på repertoaret, men nøyaktig kva er ei overrasking.
Turnéliste:
24.03.2021 Florø Kulturhus
26.03.2021 Stryn Kulturhus
27.03.2021 Sandane, Trivselshagen
06.04.2021 Sogndal Kulturhus
07.04.2021 Årdal Kulturhus
08.04.2021 Åsane Kulturhus
09.04.2021 Åsane Kulturhus
10.04.2021 Etne, Skakke Kulturhus
11.04.2021 Bømlo Kulturhus
14.04.2021 Knarvik, Nordhordlandshallen
15.04.2021 Idrettsbygget Hardbakke
16.04.2021 Hyllestadhallen
17.04.2021 Dale, Fjalerhallen
18.04.2021 Askvollhallen
21.04.2021 Høyangerhallen
22.04.2021 Balestrand, Belehalli
23.04.2021 Vik, Blixhalli
24.04.2021 Voss Kulturhus
25.04.2021 Aurland Samfunnshus
28.04.2021 Nordfjordhallen
29.04.2021 Hauge Idrettshall
30.04.2021 Førdehuset
02.05.2021 Førdehuset