Teater Vestland sin versjon av eventyret om «Raudhette og ulven» er utvikla gjennom leik og improvisasjon i teatersalen.
mm

Då skodespelarane kom til prøvene den første dagen i februar, visste dei ikkje kva roller dei skulle ha. Dei hadde ikkje noko manus og ingen musikk. Stykket er utvikla på scena ved hjelp av ein metode som vert kalla «deviced theatre».

– Det vert morosamt og fullt av glede og fantastisk musikk, samstundes som vi forhåpentlegvis kjem til hjartet av historia. Vi går i djupna på kva som skjer med karakterane og kva dei føler, seier regissør Alex Byrne i ei pressemelding.

Førde i staden for New York

Alex Byrne er ein av dei fremste på å lage familieframsyningar, ikkje berre i Storbritannia der han held til, men på verdsbasis. I løpet av 2021 skulle han ha vore i New York og sett opp Snøkvit på Broadway, men på grunn av pandemien vart oppsettinga utsett.

– Og no for tida skulle han ha laga ei familieframsyning på The Unicorn Theatre i London, men også den er utsett. Dermed opna kalenderen hans seg opp, slik at han kunne komme hit til oss i staden, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Alex Byrne har fått med seg eit kraftlag til å jobbe fram ein ny versjon av det urgamle eventyret om den vesle jenta som må gå åleine gjennom skogen til bestemor si: regiassistent og dramaturg Elisabet Topp, scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington, teaterets eigne lysdesignar Krystian Myska og komponist Gregory Hall.

Kaste ut alle idear ein får

På scena står Anne Wiig, Kyrre Eikås Ottersen, Bård Watn og Katrine Lunde Mackenzie.

– Når ein jobbar med «deviced theatre», må ein berre kaste ut alle idear ein får og ikkje tenkte at dei er dårlege, seier Anne Wiig og held fram:

– Når det vart bestemt at eg skal spele Raudhette og karakteren starta å ta form, vart det stadig lettare å improvisere. Eg veit korleis ho ville sagt og gjort ting. Musikken i stykket blir til gjennom ein liknande prosess, og eg har debutert på kontrabass.

Anne Wiig speler hovudrolla i «Raudhette og ulven». Foto: Espen Nyttingnes, Teater Vestland

Kyrre Eikås Ottersen har vore tilsett ved Teater Vestland i 25 år. Han har fylt rundt 70 ensembleroller og turnert så masse att og fram i fylket at det tilsvarer minst eit par gonger rundt jordkloden, men han har aldri jobba på denne måten før.

– Vi kjenner jo eventyret, men vi hadde ingen tekst. Den fann vi fram til i fellesskap. Vi har utforska dei forskjellige rollene. Kva type er ulven: Er han berre slem, eller kan det hende at han har sine eigne ting han slit med? Det er bestemt at eg skal spele ulven, men vi tar i bruk dokker, så det kan jo hende at eg dukkar opp som Raudhette også, seier Kyrre Eikås Ottersen.

Ny familiesatsing

Med «Raudhette og ulven» er Teater Vestland godt i gang med si nye satsing på teater for barn og unge.

– Det er inga hemmelegheit at eg brenn for teater for barn og unge, og det kjem til å vise att i repertoaret dei kommande åra. Vi kjem jamleg til å ha større framsyningar som vil rette seg mot barn og unge og heile familien, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

I 2021 har Teater Vestland tre premierar for barn i ulike aldrar.

– No i vår er det «Raudhette og ulven» og «Katteblues», ei musikalsk framsyning om kattar med bluegrassmusikk. Til hausten kjem endå ei familieframsyning på repertoaret, men nøyaktig kva er ei overrasking.

Turnéliste:

24.03.2021          Florø Kulturhus

26.03.2021          Stryn Kulturhus

27.03.2021          Sandane, Trivselshagen

06.04.2021          Sogndal Kulturhus

07.04.2021          Årdal Kulturhus

08.04.2021          Åsane Kulturhus

09.04.2021          Åsane Kulturhus

10.04.2021          Etne, Skakke Kulturhus

11.04.2021          Bømlo Kulturhus

14.04.2021          Knarvik, Nordhordlandshallen

15.04.2021          Idrettsbygget Hardbakke

16.04.2021          Hyllestadhallen

17.04.2021          Dale, Fjalerhallen

18.04.2021          Askvollhallen

21.04.2021          Høyangerhallen

22.04.2021          Balestrand, Belehalli

23.04.2021          Vik, Blixhalli

24.04.2021          Voss Kulturhus

25.04.2021          Aurland Samfunnshus

28.04.2021          Nordfjordhallen

29.04.2021          Hauge Idrettshall

30.04.2021            Førdehuset

02.05.2021            Førdehuset

Oppdatert: måndag 22. mars 2021 20.45

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar