Fleire enn tre av fire barnehagar lar ungane bruka digitale verktøy, ifølgje ny undersøking. Solveig Vik i Bringedalsbygda barnehage trur det kan vera nyttig i språkarbeidet.
mm
Rammeplanen
  • Ifølgje Rammeplanen frå 2017 skal den digitale praksisen til barnehagane bidra til leiken til barna, kreativitet og læring. Barnehagen skal utøva digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar ei byrjande etisk forståing knytt til digitale medium, og hjelpa barna og utforska kreativ og skapande bruk av digitale verktøy.
LES FAKTALUKK FAKTA

77 prosent av barnehagane svarar at dei lar ungane bruka digitale verkemiddel og e-bøker. Det kjem fram i ei undersøking frå LNK og Pirion der 230 styrarar i barnehagar i nynorskområde har svara. Det er ein auke på 10 prosent på fire år.

I Bringedalsbygda barnehage i Kvinnherad kommune får ungane prøva seg på programmering, spel og andre digitale verktøy.

– IKT er ein viktig innfallsport for å styrka gutar på språksida. Det handlar om å møta dei der dei er, seier styrar Solveig Vik.

Når dei jobbar med digitale verktøy, så kan det vera spel der ungane lærer tal, fargar og omgrep på nettbrett. Eller det kan vera at dei får hjelp til å programmera ei mus til å gå rundt om kring på golvet etter kva fargar det er der.

– Dei gutane som normalt puslar på med bilar eller andre ting på golvet, er veldig engasjerte, fortel Solveig Vik, og seier det er mykje språk borna kan ta inn gjennom bruk av ikt.

Mest på bokmål

Av dei 230 barnehagane som har svara, så er det berre to barnehagar som berre har digitale hjelpemiddel og e-bøker på nynorsk. 73 prosent av barnehagane har det på begge skriftspråka, medan 10 barnehagar har digitale hjelpemiddel og e-bøker berre på bokmål.

For fire år sidan, då Pirion laga sist Barnehageundersøking, så var det 60 prosent av barnehagane som hadde digitale bøker og hjelpemiddel på begge skriftspråka.

Solveig Vik har funne fram Blue-Bot robot og ei digital mus som dei kodar på eit heimelaga kart. Foto: Privat

– Nytt med e-bøker

Rammeplanen til barnehagane seier at «den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring».

På personalmøta i Bringedalsbygda barnehage er det fast punkt på programmet å gå gjennom ei økt med Språkløyper. Her er det ei eiga økt som handlar om e-bøker.

Gjennom ei e-bok kan det bli litt vanskelegare å få til samtalen, sidan barna gjerne trykker seg vidare.

– Det er nytt for oss, men me er i siget, seier Heidi N. Uppheim, som er avdelingsleiar på småbarnsavdelinga. Ho seier høgtlesing er viktig i barnehagen.

– Me kan få masse gode samtalar gjennom ei bok, seier ho.

Olea leikar med Osmo, Monster app. Her teiknar ho det appen seier. Foto: Privat

– Alle må med

Styraren i Bringedalsbygda barnehage understrekar at det er viktig at alle dei vaksne i barnehagen er med på å bruka ikt i barnehagane.

– Det er nøkkelen til å lukkast, seier ho.

På personalmøta kvar månad bruker dei tid på at alle blir kjende med og trygge på appane dei bruker med ungane.

Solveig Vik synest det er viktig at dei vaksne tilpassar seg borna og finn ut kva dei er interesserte i og bruker det til å ein kan gjera for utvikla språk.

– Språket heng veldig mykje saman med korleis ungane hr det sosialt, påpeikar ho og understrekar at digitale hjelpemiddel ikkje skal vera ein barnevakt.

– Dei vaksne er viktige for å rettleia ungane når me jobbar med digitale verktøy, fortel Solveig Vik.

6 tips til god bruk av ikt i barnehagane

Solveig Vik og Heidi N. Uppheim kjem med desse råda til god bruk av ikt i barnehagane:

  1. Det er viktig at heile personalet er med.
  2. Det er alltid behov for gjentaking.
  3. Våg å bruka ikt.
  4. Lag system for at alle ungar får bruka ikt.
  5. La dei minste vera kreative på det utstyret du har i barnehagen.
  6. For å få igang interessa, så hjelper det å visa kva dei vaksne kan. Då kjem ungane.

Kommentarar