Sjå gjerne første økta i kursrekkja her!
Ta med:
Jubileumsboka om Frosken eller Frosken er redd og Den forelska frosken – alle av Max Velthuijs
1. Førelesing med lyd: (15 minutt):
Slå fylgje med Frosken: Om litterær kvalitet, dialogisk lesing og litterær samtale. Trykk her for å lasta ned Powerpoint-presentasjonen med lyd!
2. Intervju (10 minutt):
Finn stemmene først: Les intervjuet med Reidun Melvær Berge, stilt kvar for dykk.
3. Bla i bøkene (15 minutt):
Gå saman i grupper på tre eller fire, og vel ei av bøkene om frosken. Sjå etter gode ord, nyansar i språket, ulike tempo, stadar å ta pause, ord å legge vekt på. Prøv dykk fram: Korleis vil de lese replikkane?
Materiell til utdeling (5 minutt):
Pedagogisk opplegg for høgtlesing av «Frosken er redd» og «Frosken er forelska» vert delt ut til alle i personalet. Les gjennom og vurder kva for spørsmål og arbeidsmåtar som kan vere nyttige innspel på di avdeling.
Opplegget finst og i heftet Kulturbarn 0-8. Heftet kan tingast frå Sunnfjord kulturskule, om ein ynskjer det i trykt versjon.
Pirionkurset er støtta av Utdanningsdirektoratet, og er også laga som ein del av Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule, støtta av Kulturtanken.