Det er første gong alle barnehagane i Noreg blir spurt om lesepraksisane deira. Undersøkinga er sendt ut til styrarane i barnehagane. Håpet er at ein ansvarleg pedagog i kvar avdeling i barnehagane svarar på undersøkinga.
– Målet med undersøkinga er å få eit innblikk i lesepraksisane i barnehagar over heile landet, fortel professor i lesevitskap ved Lesesenteret, Trude Hoel.
Mellom spørsmåla er kva bøker som blir lese, på kva språk og korleis barnehagane får informasjon om nye bøker.
Varierande praksisar
Lesesenteret forskar og lagar pedagogiske ressursar for bruk i barnehagane. Då er dei avhengige av å få meir informasjon om lesing i både barnehagane og heimane.
– Utdanninga som me tilbyr ved Lesesenteret, skal vera både relevant og forskingsbasert, då må me spørja korleis praksis er.
Trude Hoel seier at ein veit til dømes frå GoBaN-prosjektet at praksisane rundt i barnehagane i Noreg er forskjellige.
– Det er grunn til å tru at det òg gjeld lesing. Det veit me òg frå alle reisene rundt i barnehage-Noreg og samarbeida me ved Lesesenteret har med fleire barnehagar, fortel ho.
Stort forskingsprosjekt
Undersøking er ein del av forskingsprosjektet SPrELL. Prosjektet er organisert av Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger i samarbeid med forskarar ved Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø, Dronning Mauds Minne og Høgskolen i Volda.
Forskingsprosjektet studerer samtalebaserte lesepraksisar i barnehagar. Som ein del av det held forskarane på med å utvikla eit fleirspråkleg bibliotek, der barna får bøker på morsmålet og norsk.
– Målet vårt er å laga skikkeleg gode digitale versjonar av bøkene, fortel Trude Hoel. I første omgang er 20 bøker valt ut til å bli omsett til arabisk, polsk og litauisk.
LES OGSÅ: Skal utvikla eit digitalt fleirsprakleg barnebokbibliotek