Janne Kristin Lid har sjølv gjeve ut boka Blåklokka, Haren og Morfar.
mm

Boka er dedisert til «alle dei med arr». Og alle dei tre historiene har alle noko sårt ved seg. Først møter me den spinkle blåklokka som får eit lite arr, og som drøymer om å vera med i blomekransen på sjølvaste jonsokkvelden.

Etter det møter me ein engsteleg hare som må trassa redsla for møta både dyr og folk, og som etter kvart forstår kva som kan gi glede.

Siste historia er sett til adventstida, og skrive i første person eintal. Ei 11 år gamal jente har nettopp kome heim frå ein koseleg julefest på skulen og hjartet hennar er full av julestemning. Men så får mora hennar ein telefon, og hjartet søkk. Er det mogleg å bli glad igjen og finna att julestemning når noko trist skjer før jul?

Forfattaren har gjeve ut ei bok for vaksne tidlegare. I etterordet skriv ho at ho fekk råd om at historia om Blåklokka kunne passa i ei barnebok. Dette sådde eit frø som til slutt blei denne boka.

Det er ikkje ofte Pirion melder bøker utgjeve på eige forlag. Ein erfaren barnebokredaktør er god å ha, og også denne boka kunne hatt god hjelp av ein god redaktør. Med barn som målgruppe, så hadde boka hatt fordel av å bli spissa og kutta noko, og tilpassa språket meir til barn. Den første historia, Blåklokka, ber noko preg av å vera skriven for vaksne.

Boka har likevel fleire kvalitetar som gjer at ho fortener fleire lesarar – både unge og eldre. Her er livsvisdom, håp og ein godhug som det er trong for i dag.

Dei vakre og gjennomarbeidde illustrasjonane til Rita Backer Hjorthaug og Åshild Hansejordet passar fint til historiene. Grafisk designar Susanne Øy Tennfjord har laga ein roleg og delikat bokbunad som står godt til uttrykket i boka elles.

Boka eignar seg best til høgtlesing for lyttande barn over seks år.

Oppdatert: sundag 17. mars 2024 18.50

Lik Framtida.no på Facebook: