– Kvar er trollet? Spenninga stig, og barna peikar. I Øyrane barnehage blir dei yngste barna inviterte med i dialog rundt lesinga. Dette gjer ungane kompetente, meiner forskar Ingeborg Mjør.
– Når dei vaksne forventar at barna skal vere aktive og gå i dialog, så gjer dei nettopp det. Ungane ven seg til å ta stilling og til å reflektere over det dei les. Dette er dei tente med både på kortare og lengre sikt, seier Mjør.
Ho disputerte i desember med avhandlinga Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst. I avhandlinga har pedagogen og forskaren, tilsett ved Universitetet i Stavanger, analysert videoopptak av ungar på mellom eitt og to år som blir lesne for av vaksne.
Lærer språk
Sjølv om desse minste ungane knapt har språk, er dei aktive med peiking og kroppsspråk, og når dei snakkar, er dei avhengige av vaksne som støttar og forstår dei ut frå situasjonen dei er i. Dette erfarer Hanne Spilde, nyutdanna pedagog ved ei av småbarnsgruppene i Øyrane barnehage i Arna ved Bergen. Ho opplever korleis høgtlesinga stimulerer språkutviklinga hos dei yngste.
– Vi har dialog med ungane om bøkene, sjølv om dei ikkje har så mykje språk. Dei peikar. Etter ei stund kan dei seie ordet for det dei peikar på, forklarer Spilde.
Ho får støtte av Mjør:
– Høgtlesinga og den litterære teksten representerer eit meir avansert språknivå. Slik blir dette noko barnet kan strekkje seg etter. Utfordringar i teksten er med på å bygge opp barnet si evne til å fortelje, seier forskaren.
Får kompleks forståing
Det å lese same boka om igjen og om igjen kan også vere stimulerande for dei minste.
– Dette gir ungane ei meir kompleks forståing, forklarer Mjør.
Dette halvåret er det eventyr som står på programmet i Øyrane barnehage. Berre to eventyr blir lesne i løpet av eit halvår. No er det Bukkene bruse dei arbeider med. Barna lærer kjenneteikn ved sjangeren og ved forteljestrukturen, og dei blir stadig meir engasjerte, erfarer pedagog Spilde. Ein annan ting dei lærer gjennom lesinga, utdjupar Mjør, er samanhengar mellom fiksjon og eigne erfaringar og interesser.
Barna kjenner seg igjen
Mjør er oppteken av korleis nettopp bøkene kan vere med på å aktivere barna sine eigne erfaringar. Informantane hennar las mellom anna ei bok som heiter Påls smokk. Mjør ser korleis barn responderer ved å vise at dei sjølve har eit personleg og kanskje emosjonelt forhold til det å bruke smokk. Ein gut tok til dømes sin eigen smokk ut av munnen og la han oppå eit bilete av smokken i boka.
I videoopptaka ser ho korleis dei vaksne speler aktivt på barna sine røynsler. Dei seier til dømes til ungen medan dei les: ”Du har også smokk. Sant det er godt med smokk?” Vidare viser dei til erfaringar med dyr, leik og aktivitetar, alt etter kva som rører seg i biletboka. Vaksne synest å meine at det betyr noko positivt for ungane si interesse og forståing å aktivere eigne erfaringar.
Høgtlesaren rettleiar
Høgtlesaren får mykje fokus i avhandlinga til Mjør, og ho interesserer seg for strategiane han eller ho tar i bruk. Dei fleste frigjer seg frå teksten og fortel meir fritt, både i ord og med bruk av kroppsspåk.
– Høgtlesaren rettleiar ungane i korleis dei skal forstå, seier Mjør, det kan dreie seg om logiske samanhengar, humor og dramatikk, og barn lærer å sympatisere med hovudpersonane.
Noka nøyaktig oppskrift på korleis høgtlesaren bør gå fram, har forskaren ikkje komme fram til. Det finst fleire lesemåtar. I avhandlinga kallar ho høgtlesarane sine for motiverte høgtlesarar. Det er nettopp dette som er viktig, meiner Mjør: at dei vaksne er motiverte og engasjerte når dei les for dei små.
– Ein må forvente deltaking frå barna og positivt stadfeste dei når dei er aktive. Dei vaksne speler ei nøkkelrolle for korleis barn utviklar seg som lesarar, held Mjør fram.
Barnehagen viktig
Informantane hennar høyrer alle til den såkalla utdanna middelklassen. Dei blir såleis ikkje heilt representative for befolkninga elles. Mjør sine informantar har lesing som ein viktig del av heimekulturen. Ikkje alle har det. Pedagogen i Øyrane barnehage erfarer at det kan vere utfordrande å få med dei ungane som ikkje les heime.
– Barnehagen kan spele ei nøkkelrolle for dei barna som ikkje har lesing som ein del av heimekulturen, framhevar Mjør.
Gjennom den dialogiske høgtlesinga kan barnehagen gjere sitt for å støtte barn si utvikling når det kjem til språk, refleksjonsevne og sjangerforståing.