Her om dagen fekk eg høyra ei forteljing frå ein barnehage. Ei jente på 5 år sat og teikna. Det er forresten naudsynt å nemna at foreldra til denne jenta kjem ifrå Afrika. Altså, jenta hadde teikna ei teikning, og ho gjekk bort til ein vaksen og overrekte teikninga som gåve. Det er òg viktig å nemna at denne vaksne er av norsk opphav. ”Her er eit bilete av deg når du har det fint,” sa jenta. ”Å, så flott,” sa den vaksne. ”Kva er det eg gjer, då?” ”Du ligg på stranda og solar deg, for det likar folk med hudfarge å gjera,” svara jenta.
”Folk med hudfarge”… Har ikkje alle folk hudfarge, då? Rett nok vil hudfargen variera. Nokon har lysebrun hudfarge, medan andre går over i mjølkekvit; nokon har ein gyllen glød medan andre har eit meir blåleg skjær. Dette veit sjølvsagt alle. Det er altså ikkje hudfargen som har endra seg, men meiningsinnhaldet i ordet hudfarge har skrumpa inn og blitt til éin særskild farge. Hudfarge er no nemninga som blir brukt om fargenyansen me finn mellom aprikos og off-white.
”Kan du senda hudfargen?” høyrer ein når ungar sit og teiknar saman. Og alle veit kva slags farge som blir etterspurd. Dette gjeld ikkje berre barn. Etter at eg blei merksam på nyordet (som altså ikkje har eit nytt uttrykk, men eit nytt innhald), har eg òg sett at fargeblyantar i velassorterte hobbybutikkar er kategoriserte under same nemning. Her ligg raud, oransje, aprikos og hudfarge fint delt opp i kvar sine boksar med prislappar på.
Eg synest ikkje det er greitt at ordet hudfarge berre skal gjelda for éin spesifikk farge. Derfor har eg bestemt meg for å prøva å gjera folk merksame på skiljet. Når eg høyrer folk bruka ordet på feil måte, kan eg til dømes spørja: Hudfarge, seier du. Kva slags hudfarge meiner du då? Er det kanskje bleik du meiner? Å snakka om hudfarge kan kanskje vera med på å gjera oss meir bevisste – både på språk og på anna mangfald.
Trude Hoel er universitetslektor ved Nasjonalt senterfor leseopplæring og leseforsking, Lesesenteret, ved Universitetet i Stavanger.