Førsteamanuensis Anita Gjermestad vil henta meir inspirasjon i estestiske og sosiokulturelle perspektiv for å betra samspelet mellom born med djup utviklingshemming og nærpersonane deira i barnehage og skule, skriv forskning.no.
Anita Gjermestad, som i dag er førsteamanuensis ved Diakonhjemmet Høgskole i Sandnes, har i si doktorgradoppgåve undersøkt korleis det tosidige samspelet mellom born med djup utviklingshemming og nærpersonane deira i barnehage og skule kan fortolkast. Ho konkluderer med at for at borna skal få rett oppfølging, må det nye forståingar til. I avhandlinga rettar ho kritikk mot tradisjonelle forståingar av læring i både spesialpedagogikken og vernepleiefaget
Gjermestad har studert kva mønster som kjem til syne, og korleis samspelet blir skildra og fortolka av nærpersonane til borna.
I doktorgradsarbeidet filma ho kvardagen til fem born med kvar sin nærperson på skulen eller i barnehagen over ein halvårsperiode. Eitt barn i barnehage, to born i grunnskulen og to born i vidaregåande skule. Borna som deltok i undersøkinga, har djupe utviklingshemmingar. Dei har store hjelpebehov, og dei har utfordringar med språk, helse og rørsle.
Etterpå gjekk ho gjennom videoopptaka saman med dei same nærpersonane for å få deira betraktningar om konkrete samspelsituasjonar.
– I det tradisjonelle læringsperspektivet, der alt skal målast og vegast, er det ikkje nok rom for individuelle opplevingar og forståingar og for individuell sensitivitet.
Les heile saka på forskning.no