På ein gammal gard midt i Oslo sentrum finn ein Geitmyra matkultursenter.
– Her skal me gjere born og unge glade i mat som gjer dei godt, fortel dagleg leiar Lene Gjelsvik.
Mateventyret starta for eit par år sidan, då kokken Andreas Viestad fekk auge på Geitmyra gard under ein spasertur gjennom Oslo sine gater. Garden frå 1700-talet, som hadde lege freda og brakk i fleire tiår, ga matskribent og småbarnsfar Viestad ideen om å starta eit matkultursenter.
Lene Gjelsvik fortel om ein langdryg prosess med søknadar, ei enorm dugnadsånd og rehabilitering av gard hagebruk:
– I dag har me servert kvalitetsmåltid til barnemunnar i to månadar, og me ser verkeleg at me har igjen forarbeidet.
Liv i tunet
I hovudsak er det born i aldersgruppa 5–15 år som kjem til Geitmya gard i skuletida, men dei arrangerer også opne dagar for familiar, barnehagar og heimkunnskapslærarar.
– Me ynskjer å tilby noko for alle som er involverte i born sin kostkvardag, seier Gjelsvik.
Så langt har matkultursenteret vist seg å bli ein stor suksess. Utover haustmånedane har det blitt arrangert både pannekakekveldar og ein eplekjekk dag der 400 menneske og over 19 sortar eple fylte tunet.
– Born og vaksne fekk prøvd seg på bakte eple, eplemost, eplequiz og epleutstilling, fortel Gjelsvik.
To gonger i månaden arrangerer dei også Superfredag, ein dag sett av til barnehageborn i området:
– Her får dei lage herleg mat, leike på tunet og prøve smakar som er heilt nye for dei.
Dei gode råvarene
Det er råvarene som står i sentrum når borna på Geitmyra trør inn på kjøkkenet. Med over 3,5 mål jord, fleire parsellar og kompost har matkultursenteret som mål å la borna ta del i heile prosessen frå råvare til ferdig produkt.
– Me ynskjer at dei skal vera med på så mykje av haustinga som mogleg, seier Gjelsvik, som fortel at det byr på utfordringar i vinterhalvåret.
– Løysinga på dette var å bruke oppskrifter der me nyttar grønkål, sidan han kan bli hausta seint på året. I tillegg har me fått tak i ein salattype som me kan så nå om hausten.
Gjelsvik kan fortelje om born som storkosar seg når dei får boltre seg på kjøkkenet. Besøkjande har mellom anna fått lov til å trylle torsk om til fiskebollar, som deretter har blitt ete med heimelaga majones til, og dei har fått lov til å kutte i elghjarte.
– Borna blir utruleg imponerte over det dei får til. Dei fleste trur ikkje at dei klarar å lage så god mat heilt sjølv.
Mat som brubyggjar
Mange hundre personar kan kome og gå på kjøkkenet til Geitmyra i løpet av ei veke, likevel er kjøkkenet prega av heimslege element.
– Me ynskte ikkje å skape noko restaurantkjøkken på garden. Det skal vera som kjøkkenet dei finn heime, slik at det blir lettare for borna å spreie kunnskapen dei får på garden, med seg heim og inn i skulen, fortel Gjelsvik.
Den norske tradisjonsmaten utgjer overraskande nok ikkje hovudfokuset i undervisninga, til trass for at kjøkkenet er lagt til ein gard i 1700-tals rokokkostil.
– Me vil lære borna å prøve nye smakar og då gjerne på tvers av tradisjonar og geografiske grenser, fortel Gjelsvik, som meiner maten kan bli ein brubyggjar.
– Nesten all mat byggjer på dei same råvarene. Me kan til dømes nytte oss av tradisjonelle norske grønsaker, men ved å setje til krydder kan det like godt bli ei indisk gryte.
Med unge, entusiastiske meisterkokkar går Gjelsvik og Geirmyra matkultursenter vinteren optimistisk i møte, og på spørsmål om kva som er det viktigaste ein kan gjera for å forbetre born sitt kosthald, kjem svaret kontant:
– Ein skal bruke tid på måltidet; ein skal nyte den gode maten og selskapet til kvarandre.
Faktaboks:
På nettsidene til Geitmyra matkultursenter er det lagt ut informasjon for skular som ikkje har høve til å reise til Oslo. Her finn ein undervisningsopplegg for barneskulen og SFO delte inn etter klassetrinn og kompetansemål.
www.geitmyra.no