Det finst mange språkressursar barnehagane kan nytte seg av. Me viser deg nokre av dei her.

– Den språklege ressursbasen vår er bygd opp over fleire år. Her finn ein både gode språkopplegg, idear og bakgrunnsstoff, seier rådgjevar i Nynorsksenteret, Arild Torvund Olsen.

På dei interaktive nettsidene Berte og Iver kan borna leike med ord, utforske rom, spele spel og sjå animasjonsfilmar, for å nemne noko. Olsen meiner det er viktig å bruke ressursane som er tilgjengelege.

– Barnehagane bør vere flinke til å ta i bruk alle dei gode nynorskbøkene som finst der ute. I tillegg treng ein eit systematisk arbeid med å bruke songar og regler i barnehagen; det finst jo så mykje bra der ute.

Nynorsksenteret viser til songbøkene Song for deg og meg og Syng sjølv som gode kjelder til songar og regler. Senteret har også laga til spelelister med nynorske songar i Spotify og i Wimp. Elles finn ein bakgrunnsstoff som forfattarintervju, tips til ulike fagbøker som er nyttige, og pedagogisk retta tips, til dømes korleis ein betre kan formidle tekstar ved høgtlesing. Boktips, teikneseriar og aktivitetsark er også populære.

– Ingeborg Mjør har dessutan laga ei liste med åtte tips til korleis ein kan få til ei nynorsk språkstimulering i barnehagen, noko som kan vere ei kjekk hugseliste for barnehagane, seier Torvund Olsen.

Nynorsksenteret har i tillegg laga filmar der dei dokumenterer ulike barnehageprosjekt som kan vere til inspirasjon for andre.

– Det er ofte lettare å sjå ein film på fire minutt enn å setje seg ned for å lese ein artikkel, seier Olsen.

Han er ikkje i tvil om at tidleg fokusering på språkleg stimulering er viktig.

– For dei borna som skal ha nynorsk på skulen, er det særs viktig å møte nynorsken tidleg i barnehagen, elles blir overgangen til skulen stor.

Det pedagogiske opplegget Troll i ord tek utgangspunkt i tre eventyr; Guten som gjekk til Nordavinden og kravde igjen mjølet, Dei tre bukkane Bruse som skulle til seters og gjere seg feite og Då påfuglen og ramnen fekk fargane sine. Opplegget kjem i dag på 14 ulike språk, blant anna fransk, somali, urdu, nynorsk og bokmål.

– UDIR har støtta utviklinga av Troll i ord, og me håpar no å få midlar til å kunne utvide serien med eit afrikansk eventyr, som i så fall vil bli lansert vinteren 2013, seier Synnøve Tveito i GROM design, som har utvikla opplegget.

I opplegget får barnehagane ei eventyrøskje til kvart eventyr, og der finn dei figurar og eit eventyrhefte som mellom anna inneheld fotografi som kan brukast som kulisser ved leik og dramatisering av eventyret. Alle produkta er svanemerka.

– No i haust lanserer me den tredje eventyrøskja, basert på eventyret om Påfuglen. Samstundes med dette vil me lansere alle eventyra som appar til bruk på nettbrett og interaktive tavler.

– På nettstaden Tunkatten.no kan barnehagane til dømes finne songboka til tunkatten Lurivar og enkle aktivitetar. Opphavleg var nok nettstaden utvikla for dei litt eldre borna, men spesielt i songboka er det i tillegg mykje å hente for barnehagane, seier dagleg leiar ved Ivar Aasen-senteret, Gaute Øvereng.

I songboka til Tunkatten kan borna høyre mange ulike typar songar, og dei kan laste ned både musikk og notar. I tillegg inneheld nettstaden lydbøker, leik med ord og forteljingar.

No skal tunkatten Lurivar ut på barnehageturné.

– Lurivar har allereie vore på barneskuleturné, men no skal han altså ut til barnehagane via den kulturelle skulesekken. Til barnehagane reiser han som ei tøydokke, sidan den store katten, ein utkledd person, ofte blir litt skremmande for dei aller minste, seier Øvereng.

Ifølgje Øvereng har tunkatten Lurivar til oppgåve å gjere borna medvitne om det mangfaldige språket.

– Lurivar er ein type som Ivar Aasen, som reiser rundt og samlar ulike dialektord.

Andre stadar ein kan finne tips til språkstimulering i barnehagen:

Lesesenteret, som er ein del av Universitetet i Stavanger.

Skrivesenteret, som er ein del av Høgskolen i Sør-Trøndelag

Lik Framtida.no på Facebook: