Det er så kjekt når dei vaksne fortel i barnehagen, det er så kjekt som det høgaste talet som finst, heilt opp til 10-talet! – jente 4 år.
I Småfolk barnehage har me ”barnehagen med dei gode forteljingane” som visjon, og me har arbeidd med forteljing systematisk over fleire år.

Og når me får slike tilbakemeldingar som frå denne jenta, så er det svært viktig at me har eit godt pedagogisk fokus på dette med forteljing og kulturformidling. Og at me i barnehagar prioriterar kompetanseheving på området.

Forteljinga har vore ein del av den norske kulturarven i alle år, og me som vaksne har eit ansvar for at denne kulturarven blir gjort levande i barnehagen.

 Korleis levandegjer me dette, og korleis skapar me engasjerte forteljarar?

Oppskrifta er enkel, og verktøyet har alle lett tilgjengeleg; seg sjølv!

Me vaksne gjer ofte ting vanskelegare enn det dei er, og tenker at ting må vera nøye planlagt, at ein må overgå seg sjølv i kreativitet, spontanitet, at ein må vera dramatisk. Men det er ikkje naudsynt! Borna blir glade for det enkle, dei blir like glade for det tradisjonelle som for det utradisjonelle, dei blir glade for det kreative, men mest av alt blir dei glade for at du gir av tida di! At du anten kan setje deg ned med ei bok og lese høgt, eller fortelje frå når du var lita! Born er eit levande og lydhøyrt publikum som fortener gode forteljingar av engasjerte vaksne!

I Rammeplanen for barnehagar er dette med kultur nedfelt som eit eige fagområde. Der heiter det blant anna at; barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle.

Å bringe forteljing inn i livet til våre barn gjennom bøker, eventyr, segner, m.m er særs viktig i dag når borna får sine inntrykk gjennom tv og data. Her blir dei ”servert” forteljingar utan å måtte tenke og fantasere sjølv. Men ved å lese ei bok høgt for barna, må dei bruke si kreative tenking til å sjølv skape bileta utifrå teksten dei høyrer. Denne kreative tenkinga og fantasiskapinga er noko verdifullt borna alltid vil få bruk for. Det er og med på å styrke språket, den sosiale kompetansen, og er ein styrke for fellesskapet generellt. Å samlast rundt ei bok kjennest godt både fort store og små.

Eg oppfordrar difor alle til å fortelja gode forteljingar til borna kvar dag!

Anette Lauareid Hovda, Eigar og dagleg leiar Småfolk barnehage

Lik Framtida.no på Facebook: