I Ølensjøen FUS barnehage sørgjer kjøkensjef Aud Berit Ljusnes Jensen for at over hundre barn og nærare tretti tilsette dagleg får gode måltid laga frå botn med gode råvarer.
Det luktar bakst på kjøkenet i Ølensjøen FUS barnehage i Vindafjord kommune. I dag er det kyllingsuppe med foccaciabrød som står på menyen. Opphakka paprika, lauk og kylling ventar på å få putra i gryta. Ein stor bakke med deig til heving er og klar til å bli kjevla ut og steikt.
— Eg syns det er både kjekt og utfordrande å laga mat som borna vil smaka på, seier Jensen. Barn er glade i smakar, men er ikkje alltid like glade i alt dei ser på tallerken.
— For å få i dei god næring og få dei gode smakane, som føreset både lauk og kvitlauk, nyttar eg av og til nokre lure knep og nyttar mosar, fortel Jensen. Men ho vil gjerne at barna og skal vite kva dei et.
— Likar dei smaken, er det lettare neste gong å få dei til å eta det.
— Borna i Ølensjøen FUS barnehage er veldig glade i laks og fiskegrateng, fortel Jensen. Dei er òg veldig glade i den heimelaga tomatsausen min. Me juksar ikkje når me lagar mat.
S-klubben (dei eldste barna i barnehagen) er på veg ut dørene og skal ha med varm lunsj på turen. Pedagogisk leiar, Herborg Helland, fyller nylaga betasuppe på termosen, slik at barna på utegruppa får sikra god næring på turen.
Dagleg leiar, Jenny Haugland Gundersen fortel at dei nett har flytta inn i nye lokale der kjøkensjefen har fått eit stort storkjøken å boltra seg på.
— Me vil gi barnehagebarna eit tilbod om to varme måltid i veka, der det eine er fisk. Barnehagen har tidlegare delteke i det nasjonale kosthaldsprosjektet fiskesprell, som har som mål å auka sjømatkonsumet blant barn og unge. Barnehagen serverer alle måltid for eit foreldretillegg på tre hundre kroner i månaden for ein full plass. Alt frå havregraut til frukost, lunsj med varm eller kaldrett til ettermiddagsmat med skive og frukt.
— Me sikrar på denne måten at barna får i seg sunn mat i tråd med helsedirektoratet sine anbefalingar, avsluttar Gundersen.
Vil få fleire til å smaka på maten
Norsk smaksskule set smak på pensum i barnehagar og skule. Meisterkokken Ståle Johansen har erfaring frå Fossheim hotell og har laga mat for Skiforbundet og Olympiatoppen i seks OL og diverse VM. Sist veke hadde han og ei rad andre meisterkokkar kurs for lærarar og barnehagetilsette gjennom Norsk Smaksskule.
Tekst og foto: Svein Olav Langåker, Framtida.no
– På kurset har eg snakka om at ein heile tida må vera på jakt etter gode smakar.
Menneske kan skilja mellom tre millionar forskjellige lukter, saman med konsistens og smak utgjer dette forskjellen på maten me et.
– Det handlar om å utvida smaksforrådet. Kosthaldet vårt blir meir einsforming – kvitt sukker og salt tar over meir og meir. Det er viktig å eta ekte mat. Når ein et graut, så veit ein kor mykje sukker ein har oppå. Men det er ikkje så mange som veit kor mykje sukker ein får i seg når ein et ein ferdig rekesalat, seier Ståle Johansen.
– Ferdigmaten me et har mykje dei same smakane. Det smakar smaksforsterkar, seier han.
– Må smaka
– Om ungane ikkje likar kokt gulrot, så kan det godt vera at dei likar bakt gulrot. Det er søtare.
– Det er lov å seia at ein ikkje likar noko, men då må ein smaka først, understrekar Johansen.
Sambuaren hans jobbar som førskulelærar i barnehage og har tatt med ungane for å sanka brennesler til neslesuppe. Ungane var med på å laga suppa, og alle ville smaka.
– Det ligg i oss, me er eit jeger- og sankarfolk. Me vil eta det me finn sjølv i naturen, seier han.
Dyrkar sjølv
Frode Selvaag, betre kjent som Ryfylkekokken, er òg ein av kurshaldarane på Norsk Smaksskule.
– Eg er opptatt av at det enkle er viktig. Det er ikkje alltid ein treng saus. Ein bør halda på få og enkle råvarer som ein bruker på forskjellige måtar. Bakt gulrot er nesten like støtt som snop.
– Det er òg viktig med fysisk aktivitet. Det gjer at ungane blir svoltne.
– Før hadde me ein betre smakspalett i Noreg. Før visste dei forskjell på ei god og ei dårleg gulrot, seier han.
Ryfylkekokken meiner fleire skular burde få dyrka sin eigen mat.
– Det er ikkje trong for så stor flekk der ein kan plukka poteter og gulrøter om hausten.
Inspirerande
– Me har lært så mykje, seier Audhild Kartevoll. Ho er kokk i Kverneland barnehage i Time kommune, og har lang erfaring som kokk.
– No fekk me læra meir om korleis me kan laga ting frå botnen av. Me har fått læra om korleis me kan laga tre måltid av ein heil kylling, fortel ho.
I barnehagen deira har dei fast bakedag kvar torsdag. No blir det endå meir satsing på mat i barnehagen.
– Ungane et alt når dei får prøva sjølv, seier ho.
– Det har vore veldig kjekt og inspirerande. No gler eg meg veldig til å ta det i bruk i barnehagen, seier Kristin Helland Stråtveit, ved Kaland barnehage i Austrheim.
På kurset har det vore fokus på gode råvarer. Stråtveit fekk seg ein vekkjar då dei laga fiskekaker av rein fisk.
– Når ungane får prøva sjølv, så får ein ikkje høyra at dei ikkje likar. Og det dei får smaka i barnehagen, kan dei ta med seg heim og inspirera dei heime, seier ho.
Les heile Pirionutgåva s. 39 i Fagbladet