Leseglade barn og bøker på hjul er suksessoppskrifta til Voss bibliotek.
mm

I fjor lånte vossingane fleire bøker ved Voss bibliotek. Bokbussen får ein stor del av æra, skriv Avisa Hordaland. Auken kjem i hovudsak av meir utlån av barnebøker, både fagbøker og skjønnlitteratur.

– Mykje av auken kjem frå bokbussen, og det strekar under kor viktig denne er for å nå ut til flest mogleg. Det er viktig å vera der borna er, seier biblioteksjef Inger Karin Dyrnesli til avisa.

Det totale utlånet av medium hjå Voss bibliotek var på over 78.000 i 2016. Dette er nær 1.400 fleire enn året før. Borna låner til saman nesten like mange bøker som dei vaksne vossingane. Blant dei unge er det særskilt dei mellom 13 og 18 år som har lånt fleire bøker på biblioteket.

Utviklinga samsvarer elles med det andre bibliotek melder om, nemleg ein nedgang i utlånet av lydbøker, film og musikk til både born og vaksne.

Oppdatert: laurdag 13. oktober 2018 09.18

Lik Framtida.no på Facebook: