Nær 70 prosent av dei som får spesialundervisning i grunnskulen er gutar, og det er stor skilnad i karakterane mellom jenter og gutar. Stoltenberg-utvalet føreslår ei rekkje tiltak for å løfta gutane. Sjå lista under!
mm

– Alle elevar skal oppleva meistring og læring. Det bekymrar meg at mange gutar heng etter i skulen. Gutane oppnår lågare karakterar og fell frå i større grad enn jentene. Det er ikkje eit problem at jenter gjer det bra, men skulen må verta betre til å løfta gutane. Bakgrunnen til elevane og kjønn skal ikkje avgjera om elevane lukkast i skulen. Eg ser fram til å lesa og vurdera forslaga frå Stoltenberg-utvalet, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Stoltenbergutvalet overleverte i dag rapporten sin.

Den viser tydelege skilnader mellom gutar og jenter:

  • Jenter har betre språkforståing allereie før dei byrjar på skulen.
  • Etter 10.klasse får jentene betre karakterar enn gutane i alle fag bortsett frå kroppsøving.
  • Kjønnsskilnaden i grunnskulepoeng ligg mellom 4 og 5 poeng i snitt, og varierer lite frå år til år.
  • Jentene gjer det betre enn gutane i vidaregåande skule.
  • Fem år etter påbyrja vidaregåande opplæring er det rundt 30 prosent av gutane og 20 prosent av jentene som ikkje har fullført vidaregåande opplæring.
Camilla Stoltenberg la fram rapporten måndag.

Noreg blant landa med størst skilnader

– Konklusjonen til utvalet er at kjønnsskilnadene i skuleprestasjonar og utdanningsløp er ei samfunnsutfordring som krev tiltak. Utvalet har hatt som grunnleggjande prinsipp for tiltaka vi foreslår at dei skal bidra til å løfta gutane utan å redusera jentene si læring, at dei skal rettast mot heile elevgruppa, og at dei ikkje skal auka skilnader i skuleprestasjonar etter sosial bakgrunn, seier utvalsleiar Camilla Stoltenberg.

– Vi har utvikla tiltak for å gjera det enklare å få kunnskap om korleis det går med barn og unge i utdanningssystemet, tiltak for å gje alle barn ein like god start på skulen, tiltak for å gjera skulen meir rettferdig og interessant for både gutar og jenter, seier Stoltenberg.

Utvalet dokumenterer at jentene har gjort det betre i grunnskulen heilt sidan 1914. Gutar har dårlegare skuleprestasjonar i alle OECD-land, men Noreg er blant landa der skilnadene i dag er størst.

Her er nokre av forslaga til Stoltenberg-utvalet:

  • Standardisert kartlegging av utviklinga til barn ved fire- og seksårsalderen til forsking og systemretta arbeid
  • Nasjonalt register for barnehage og grunnopplæringa forvalta av SSB, som gjer det mogleg å følgja einskildpersonar sine læring og utvikling over tid
  • Lovkrav om at enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning utløyser rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning frå personell med relevant spesialpedagogisk kompetanse i 80 prosent av timane som vedtaket omfattar
  • Gratis førskuletilbod med minimum fem timar leikbasert læring i veka for alle femåringar
  • Eit mindretal av utvalet går for inn utprøving av fleire former for fleksibel skulestart.
  • Obligatorisk heildagsskule for alle elevar på 1.-4. trinn
  • Innføra nasjonale prøver i lesing og rekning på 3. trinn og skriving på 8. trinn

Sjå video frå pressekonferansen måndag føremiddag: