– Vi trur det har stor symbolsk verdi at vi kan opne med ei framsyning nettopp for barn.
Dei har vore utan venner, utan barnehage og skole, seier teatersjef Erik Ulfsby i ei pressemelding.
– Som eit teater som har barn og unge som eit satsingsområde tenkjer vi det blir ei viktig markering, meiner Ulfsby. Jakob og Neikob og Alle Andre skulle eigentleg hatt premiere 12. mars, dagen heile landet stengde ned.
Avgjerda om å ha premieren den 7. mai blei tatt torsdag i førre veke, same dag Kulturdepartementet annonserte at det blei lov å samle inntil 50 personar. Teateret er no i full sving med å legge til rette for at framsyninga kan bli avvikla på ein trygg måte både for publikum og dei tilsette.
Billettar blei lagde ut for sal 6. mai.
LES BOKMELDINGA VÅR: Viser livsvisdom for alle
Planar om fleire framsyningar
Mykje står likevel igjen før Det Norske Teatret kan opne dørene for fullt. Kulturlivet over heile landet treng konstruktiv dialog med Kulturdepartementet framover.
– Vi kjem til å hauste mange lærdomar under premieren på torsdag, og håpar dette vil danne grunnlag for at vi kan vise fleire framsyningar fram mot sommaren, legg teatersjefen til.
– Men for ei glede likevel å endeleg kunne seie: Velkommen i teateret!
Meir informasjon om Jakob og Neikob og Alle Andre på nettsidene Det Norske Teatret.