Kulturskuleleiar og musikar Ragnvald Wernøe blei lei av at all undervisinga blei digital under koronastenginga og laga nynorsk kortspel.
mm

Kortspelet Sheep-o-hoi minner om «Hopp i havet», men kan også spelast vri åttar, games/kames eller memory.

– Spelet blei til etter at eg vart lei av digital musikkopplæring med appar og liknande i koronatida, fortel Rangvald Wernøe, som til vanleg er leiar for Hå kulturskule på Jæren.

Sist veke intervjua Pirion han om den ferske plata han står bak Jazz og blues – boller og brus.

Basert på song

Songen som kortspelet Sheep-o-hoi er basert på, laga Ragnvald Wernøe til framsyninga Sirkus Vaudeville der åtte musikalske sauer speler på stemde klokker for å læra skalaen.

Her kan du sjå originalen:

– Eg synest at det å leika eller synga inn lærdom fungerer fint, seier Wernøe.

Vegen frå ide til handling og så ferdigstilling gjekk i løpet av eit par veker.

– Fruen insisterte på at korta skulle vera på nynorsk.

Korta blei gitt som ei koronagåve til alle song- og instrumentalelever i Hå kulturskule. I tillegg trykte dei opp for sal til andre kulturskular og interesserte.

– Til no har vi selt kortstokkar for over kr 20.000 og dette har vore med å dekka gratis ferietilbod for barn og unge i sommar

– Song bind menneske saman

– Skuleåret startar no: Kor viktig er det å bruka musikk og song i skulen?

– Kjempeviktig. Song bind menneske saman. Eg skulle ønske det var større fokus på dette i utdanninga for lærarar som skal undervisa i skular og barnehagar. Det er mykje synging til playback – og det er for så vidt bra at ein syng til noko, men eg skulle ønske at lærarar hadde kompetanse til å spela gitar eller piano og få levande musikk inn i klasseromma.

Eit tettare samarbeid mellom skule og kulturskule kan vera ein god veg å gå, meiner Ragnvald Wernøe.

Oppdatert: måndag 17. august 2020 10.38

Lik Framtida.no på Facebook: