I samarbeid med bok-plattforma Lesemeister og fleire norske forlag, skal Lesesenteret digitalisera norske barnebøker og omsetta dei til fleire språk for å forska på lesing for fleirspråklege barn.
mm

Forskingsprosjektet «Sprell» skal styrka kompetansen til dei tilsette i barnehagen på å bruke bøker i språkarbeidet. I tillegg er eit av måla å fremja samarbeid mellom fleirspråklege heim og barnehagen gjennom å ha felles leseprosjekt.

No har forskargruppa som blir leia av Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger fått 15 millionar i støtte frå Forskingsrådet til prosjektperioden på tre år.

– Lesing og utforsking av språket i barnehagen og i heimen til barn som har meir enn eitt språk, er område det er trong for meir kunnskap om. Me har tru på at det å ha felles prosjekt, som å lesa same boka på norsk i barnehagen og på morsmålet heime, også vil vera med på å styrka samarbeidet mellom barnehagen og heimen, seier prosjektleiar Trude Hoel, som er førsteamanuensis ved Lesesenteret i ei pressemelding.

Utviklar eit digitalt, fleirspråkleg barnebokbibliotek

Forskargruppa skal, i samarbeid med bok-plattforma Lesemeister og fleire norske forlag, digitalisere norske barnebøker og omsette dei til fleire språk. Slik vil bøkene vere tilgjengelege for familiar som ikkje snakkar norsk heime.

– Me vil laga om lag 20 bøker, så her får familiane faktisk tilgang til eit heilt bibliotek av norske barnebøker, på sine språk, seier Hoel.

Breitt samarbeid

Sprell er eit samarbeid mellom barnehageforskarar ved Universitetet i Stavanger og fleirspråklege foreldre i Sandnes kommune.

– Me har samarbeidd med barnehagar og fleirspråklege familiar i Sandnes før, og me er veldig stolte og glade for å no ha fått tildelt midlar til å gjennomføre Sprell-prosjektet. Om lag 20 prosent av barna i Sandnes er fleirspråklege, og kommunen er difor ein god samarbeidspartnar for oss når me søker kunnskap om bruk av bøker og lesing i barnehagen sitt språkarbeid, seier Hoel.

Andre samarbeidspartnarar er Lesemeister, FBU senter for fleirspråklege barn og unge i Sandnes, og forskarar ved Universitetet i Tromsø, Universitetet i Agder og Dronning Mauds Minne Høgskole.