Kan barn filosofere? Ei gruppe 5-6-åringar i Trollberget Barnehage viste seg å vere svært så modne både for  filosofihistoria, og for diverse filosofiske øvingar.

Grethe Bekkevold er førskulelærar og kunstpedagog, og jobba inntil nyleg som pedagogisk leiar i Trollberget barnehage i Stavanger. Våren 2006 sette ho i gang eit filosofiprosjekt på ei avdeling for 5-6-åringar.

 

– Vi ville undersøke korleis ein kunne jobbe med filosofi i forhold til ungane. Kan ein lære om filosofi i barnehagen? Korleis kan ein leggje fram stoffet for å få med seg ungane? Kan ein lære dei  filosofihistorie? Kva er det med ein filosof som kan vere interessant for ein 5-åring? Kva andre filosofiske aktivitetar kan ein finne på i ei slik gruppe?

Bekkevold og kollegaene hennar sette i gong med ei heil rekkje filosofiske aktivitetar saman med ungane, som viste seg å vere langt meir interesserte enn dei hadde trudd.

– Barn er jo ikkje filosofar, for det er jo eit yrke. Men dei er filosofisk anlagte. Vi snakkar ofte slik i barnehagen: Tenk om det var sol heile tida, tenk om vi berre fekk sjokolade å ete i barnehagen kvar dag, osb. Akkurat desse barna var frå før utruleg opptekne av å finne ut av ting, undre seg, stille spørsmål, finne svar og logiske forklaringar. Derfor ville vi prøve å konsentrere oss meir om filosofi, og sjå om vi klarte å bli meir medvitne på kva det er og korleis det kan brukast.  

Filosofihistorie
Ungane fekk til og med ei lita innføring i filosofihistorie. Dei fekk bli kjende med både Aristoteles, Søren Kierkegaard og Arne Næss, som blei presentert for dei i form av eventyr. – Vi ga filosofihistoria form av gode historier, seier Bekkevold. – Og så la vi vekt på at desse menneska har/ hadde det som jobb å undre seg og stille spørsmål, akkurat som dei sjølve gjer heile tida! Det syntest dei var spennande og inspirerande.

Tankeflekken
Ein av dei filosofiske aktivitetane var å lage ein tankeflekk. – Vi laga ein tankeflekk på golvet, som vi markerte med raud tape. Det blei ein plass der ein kunne lukke augo, trekkje seg litt tilbake og tenkje litt, fortel Bekkevold. I byrjinga fekk ungane tankeoppgåver dei skulle løyse på tankeflekken. Dette kunne til dømes vere spørsmål  frå ei bok dei hadde lese. Etter kvart byrja dei å bruke tankeflekken aktivt, på eige initiativ. Dei kunne til dømes seie: «Eg veit ikkje heilt, eg skal berre bort i tankeflekken og tenkje over det, så finn eg det ut».

Hattar, hus og teppe
Det blei også tankehattar, tankehus og eit tanketeppe av prosjektet, alle leikande eksperiment som fekk barn og vaksne til å tenkje på mange ting, og til å bli meir bevisste på kva og korleis ein tenkjer.

Tankehattane var forskjellige rare, kule, morosame eller fine hattar som barna tok med heimefrå. Dei hang ned frå taket slik at ein kunne ha hovudet inni dei. Både barn, tilsette og foreldre byrja å leike med hattane og sjå kva som hende når dei hadde dei på. – Nokre gonger hende det ingenting når ein tok på seg ein hatt. Nokre gonger hende det noko hemmeleg, som ingen andre fekk vite enn den som hadde på seg hatten. Det var ein artig leik som hjelpte oss å fokusere på tankane våre, fortel Bekkevold. – Hatten eller hovudet er jo huset til tankane, seier ho engasjert.   

Ho meiner at ein gjerne kan filosofere med yngre ungar og, men at ein kanskje skal vente med filosofihistoria til dei er så store som denne gruppa.

Lik Framtida.no på Facebook: