På kort tid har Øystese skulebibliotek gått frå å vere stappfullt av gamle bøker, til å bli eit prisvinnande bibliotek elevane har eigarskap til.
Synne Ulltang
Synne Ulltang

Det første skulebibliotekar Tonje Gauden gjorde då ho tok over Biblis, skulebiblioteket på Øystese skule, var å kaste gamle bøker.

– Eg kvidde meg litt, men fekk med meg ein annan bibliotekar som var van med å fjerne bøker. Det er viktig at det som står i hyllene her er godt og relevant, seier Gauden.

Dei 260 elevane på skulen har alle bibliotektid kvar veke. I tillegg bruker Gauden, saman med elevbibliotekarar ho har tilsett, tid på å gjere biblioteket så fristande som mogleg.

– Å gjere det lett å finne rett bok er jobben vår. Vi prøver å variere utstillingane som vi har. Det er viktig at biblioteket fremmer leselyst litt av seg sjølv sidan eg ikkje kan vere her og formidle så mykje.

Tonje Gauden er tilsett i ei 15 prosent stilling og meiner ei utfordring skulebibliotek generelt har, er at dei treng ein bibliotekar med nok tid.

Gauden viser til boka Skolebiblioteket som læringsarena av Ingeborg Eidsvåg Fredwall og Cathrine Bergan. Boka viser til tre faktorar for eit velfungerande skulebibliotek.

– Du må ha ein utdanna skulebibliotekar i 100 prosent stilling, du må ha eit godt samarbeid med lærarane og masse nye bøker. Den første og siste faktoren kostar jo, seier Gauden.

– Den største utfordringa til skulebibliotek i dag er å bli prioritert, ikkje berre med lovord, men med ressursar.

Ein snakkis i bygda

Då Tonje Gauden nettopp hadde begynt i stillinga for to og eit halvt år sidan, kom FAU med 10 000 kroner som dei ønskte skulle brukast på biblioteket. Skulen spytta i litt sjølv, og så fekk dei bygd lesekroken, som er sjølve navet i biblioteket.

Men det er ikkje berre engasjerte foreldre og ein skule som har prioritert skulebiblioteket, som har ført til at biblioteket på Øystese skule har hatt ressursar å ta av. Skulebibliotekaren har brukt mykje tid på å søke ulike ordningar, og det har gitt resultat. Biblis har blitt valt ut til Udir si prøveordning med kulturfondbøker.

– Den første kassen kjem i mars, og dei neste tre åra får vi alle kulturfondbøker til barn og unge. Det er heilt fantastisk! Då kan eg bruke budsjettpengane på å kjøpe andre spesifikke bøker som ungane ønsker seg, og så kjem kulturfondbøkene av seg sjølv. Eg skulle ønske dette blei ei permanent ordning for alle skulebibliotek. Då hadde det blitt meir rettferdig.

I mars i fjor blei Gauden overraska då Biblis vann prisen Årets bibliotek i Vestland.

I grunngivinga frå Norsk Bibliotekforening Vestland står det: «I løpet av kort tid har Biblis gått frå å vera eit rom med mange bokryggar og datamaskiner til å verta det pulserande hjarta som alle er veldig stolte av, der det er lett å finna fram, litteraturen er aktuell og elev formidlar til elev.»

For Gauden er det viktig at elevane har eigarskap til biblioteket. Eit tiltak ho har gjort, er å tilsette elevbibliotekarar.

– Eg ville prøve å få meir kontakt med elevgruppa. Ein ting er å fortelje siste nytt frå biblioteket til lærarane, med dei har så masse dei blir fortalt heile tida. Så det var viktig å få kontakt med elevane og få kopla dei på slik at dei får eigarskap til dette rommet.

Gauden meiner skulebiblioteket er ekstra viktig i ei bygd som ikkje har eit folkebibliotek.

– Viss ikkje elevane hadde hatt dette, måtte dei reist til nabobygda Norheimsund. Og det er det ikkje alle som gjer.

Lesekroken, kulturfondbøkene og bibliotekprisen har gitt mykje merksemd til Biblis.

– Biblis er rett og slett ein snakkis. Eg kan ikkje gå på butikken utan at det kjem ein eller annan og seier noko om biblioteket, smiler ho.

Å drive bibliotek under ombygging

Skulen skal snart byggast om. Og med det, ventar endringar i biblioteket.

– Det blir ein spennande periode, korleis skal vi drive biblioteket då? undrar Tonje Gauden.

Ho har skrive lange ønskelister til arkitekten, der det mellom anna står at dei vil ha fokus på gjenbruk. Lesekroken, der golvet er frå den gamle ungdomsskulen, må også bli med til det nye skulebiblioteket.

– I tillegg seier eg i alle forum at det nye biblioteket må vere stort, slik at vi får plass til alle kulturfondbøkene.

Ein ting er sikkert, meiner Gauden, den nye skulen kjem til å innehalde eit skulebibliotek.

– Det at vi har fått prisen for årets bibliotek, og at vi har så fokus på skuleiblioteket vårt, gjer at eg er heilt trygg på at vi får eit rom.

Skulebiblioteket er eit svar på mange utfordringar

Tonje Gauden er eigentleg lærar, men i rolla som skulebibliotekar skal ho ikkje bestemme noko, berre hjelpe elevane til å finne det dei har lyst til.

– Det beste med å vere skulebibliotekar er at eg heile tida får bevis på at ungar ønsker å lære, dei er nysgjerrige og opne. Elevane skal få følge sine innfall, ønske og interesser. Det er ganske nydeleg.

Gauden er sikker på at skulen vil sjå resultat av satsinga på skulebiblioteket på kartleggingsprøvane. Men ho meiner også at skulebiblioteket handlar om meir enn lesing.

– Skulebiblioteket er ein viktig psykososial arena. Dei dagane eg er på biblioteket heile dagen, kjem det ofte innom nokon som treng å berre sitte her. Eg trur biblioteket kan vere ein fin arena å hjelpe til med for eksempel skulevegring, einsemd og friminuttvanskar. Skulebiblioteket handlar om så mykje meir enn leselyst.

Ho meiner at skulebiblioteket er eit svar på mange av utfordringane i samfunnet.

– Eg har fordjupa meg i ulike tema innanfor skule i lærarløpet mitt, og eg ser at i skulebiblioteket har vi moglegheit til alt. Eg skjønner ikkje kvifor det ikkje blir prioritert alle stader. Det er i alle fall mykje å vinne.

Lik Framtida.no på Facebook: