Vinje kulturskule har samla songar, leikar og eventyr ifrå Somalia.

I samband med mangfaldsåret 2008 trykte kommunen opp eit nytt opplag av heftet, som kan vera til god hjelp for barnehagar, skular, kulturskular og flyktningkontor.
– Heftet er eit resultat av eit prosjekt i Vinje kulturskule i 2001, fortel kulturkonsulent Tone Svalastog Garnes. Ho var flyktningkonsulent i Vinje kommune frå nyttår 1989 til 2000.
– Som flyktningkonsulent såg eg behovet for å synleggjera noko av innvandrarkulturen, seier Garnes.
Saman med somaliarane i Vinje samla Garnes stoffet, og materialet er omsett til norsk/somali av tolken Mohamed Weli Sheikh. Vinje kommune fekk sine fyrste flyktningar frå Somalia i 1987 og fekk i 2008 Amnesty-prisen for det vellukka integreringsarbeidet som har blitt gjort fram til i dag.

Identitetsskapande
Eventyr og leikar? – Ja, vi hadde mange, men eg minnest dei ikkje. Jau eg minnest litt, men ikkje heile eventyret. Har ikkje tid eller overskot til å tenkja på slikt.
– Mange av flykningeborna og foreldra svarar at dei ikkje har eigne forteljingar eller eventyr når dei vert spurte, fortel Garnes. Ved å få tilgang til eventyr og historier frå deira eige land, vil identitetskjensla deira styrkast.
– Samstundes som mykje er likt i forteljingane frå Noreg og Somalia og gjev gjenkjenning og spegling, er det rom for å stilla spørsmål til det som er meir framandt, seier ho. Det er òg lettare å tilnærma seg spørsmål om kva som er likt og ulikt, ved å nytta forteljing og song. Då kan ein lettare unngå fiendtlege haldningar.
Ei av utfordringane ved innsamlingsarbeidet var at det var dei eldste som sat på materialet, fortel Garnes. Dei hadde ord og uttrykk som den yngre generasjonen ikkje kjende til.
 – På denne måten fekk dei unge utvikla sitt eige språk og fekk kjennskap til uttrykk og metaforar som tidlegare var ukjende for dei, avsluttar Garnes.
Det er råd å få tak i heftet ved å kontakta Vinje kulturkontor.

Lik Framtida.no på Facebook: