– Born har for lite kunnskap om samspelet i naturen, meiner Norges Birøkterlag. Derfor inviterer dei gjerne nokre hundre bier til barnehagen din.

– Veit de kva dronninga er? Det er mor til alle biene her!
Organisasjonskonsulent Eli Åsen held fram ei summande bikube i solskinet i Friggfeltet barnehage i Oslo.
– Bier er eit insekt, seier eit av borna.
– Eg har sett Ole Brum. Rundt han er det alltid bier, seier ein annan.

Ikkje redde
For første gong er Norges Birøktarlag i ein barnehage for å fortelje om bier, pollen og honning. Eli Åsen meiner det er på tide. Frå før har dei berre vore i barneskular.
–  Mange born har for liten kunnskap om insekt og for stor avstand til alt det spanande som skjer i naturen. Det er viktig å nå ut til dei minste, som ofte er mindre redde for småkrypa enn oss vaksne, seier birøktaren.

Stikk ikkje
– Hjelp! Den eine har kome ut.
Dei bieoppslukte borna får seg ein liten støkk. Det kan sjå ut som om eit ivrig medlem av biegarden har klart å haike til Friggfeltet – på utsida av kuben – for å kome seg ut i sola. Men frykta for eit biestikk varer ikkje lenge.
– Vepsar likar is, brus og saft som vi gjer. Derfor trivst dei med å vere i nærleiken av oss menneske, og er vi uheldige, ja så stikk dei. Bier likar heldigvis berre blomar og held seg som regel langt borte frå oss, forsikrar dama bak den heildekkjande biedressen.

altSøtsmak på tunga
– Eg luktar honning!
Eit av borna synest å få vatn i munnen av å sjå honningglaset bli opna. Ei plastskei til kvar hand i lufta, og så får alle kjenne søtsmaken på tunga.
– Har de høyrt om pollen? Og at biene gjer slik at det veks frukt og bær i landet vårt?
Eli Åsen elskar å fortelje om jobben sin. Spesielt når responsen er god.
–  Og så har de kanskje sett biefilmen? spør ho.
– Jaaa!
Det var kanskje eit dumt spørsmål til denne gjengen.

– Viktig å lære om naturen
Det er ikkje første gong barnehagen ved NRK-bygget i hovudstaden er utandørs og lærer om det som skjer utanfor barnehageporten.
– Det er viktig å få ny kunnskap om naturen. Og så er det jo kjekt! Mange har gledd seg til dette lenge, seier pedagogisk leiar Guro Wadd.
Borna som sit på huk i det grøne graset, nikkar.
– Men det var litt skummelt òg. Heldigvis var biene inni ei glaskube, seier Lavrans Berg Andersen.

Kjem gjerne på besøk
Biene kryp tettare saman, og borna spring ut på leikeplassen. Bieøkta er over, men kollegaene til Eli i Norges Birøkterlag kjem gjerne tilbake. Anten her, eller til ein annan barnehage.
– Det er berre til å kontakte eit av lokallaga om ein vil ha besøk. Kontaktinformasjon finst på norbi.no.
– Trur du at nokre av borna i dag ein gong kjem til å arbeide i same dress som deg?
– Kven veit. Målet var i alle fall å inspirere. Uansett er det eit stort behov for fleire som vil jobbe som birøktarar.

Lik Framtida.no på Facebook: